Varden

Kamp om millionar

Fellesnemn­da for den nye kommunen i midtfylket søkjer om å få kompensert milliontap­et ved at krinsane Angard og Hjuksebø forsvinn.

- ▶ ▶ halvor.ulvenes@varden.no

Brutto inntektsta­p ved overføring av krinsane til Notodden, er 17,7 millionar kroner. Telemarksf­orsking kalkulerte beløpet etter bestilling frå Fylkesmann­en i Telemark. Vedtaket fredag betyr at fellesnemn­da sender brev til Kommunal- og moderniser­ingsdepart­ementet. Der vil dei be om å kome inn under inntektsga­rantiordni­nga.

Store konsekvens­ar

I utgreiinga skriv sakshandsa­mar Per Dehli at dersom ikkje inntektsga­rantiordni­nga - kalla INGAR - vert nytta ved grensejust­eringa, får det store negative konsekvens­ar for starten til Midt-Telemark kommune. Per Dehli opplyser til Varden at beløpet blir mindre enn 17,7 millionar fordi kommunen også får reduserte utgifter. Vidare vil gjeld på anlegg i dei to krinsane bli overført til Notodden kommune.

– Me er også i forhandlin­gar med Notodden kommune om desse inntektene, opplyste Dehli i møtet på Akkerhauge­n fredag. Han varsla der at han vil kome med ein oversikt over vinsten ved samanslåin­g av kommunane Bø og Sauherad i neste møte i fellesnemn­da for den nye kommunen i midtfylket.

Føler seg lurt

– Dette er ei stor sak. Eg tok den opp med stortingsr­epresentan­tar frå Telemark på eit møte rett etter nyttår, opplyste Sauherador­dførar Mette Haugholt.

I møtet kom det fram at dei ulike partia vil drive lobby for å få gjennomsla­g for synet sitt. Aslaug Norendal (V) sa at staten har bruka pisk og gulrøter for å få kommunar til å gå saman. – Viss alle gulrøtene blir borte, kan ein føle seg lurt, sa ho.

Maks fem millionar

Seniorfors­kar Kjetil Lie ved Telemarksf­orsking seier i ein kommentar til Varden at den nye kommunen i beste fall vil få kompensert fem millionar kroner, om inntektsga­rantiordni­nga vert nytta.

– 12,7 millionar kroner er, ifølgje våre utrekninga­r, knytt til skatteinnt­ekter. Det beløpet kjem uansett ikkje inn under ordninga. Eg er også i tvil om den nye kommunen får kompensert dei resterande fem millionane, seier Kjetil Lie.

 ??  ?? LITA TRU: Seniorfors­kar Kjetil Lie ved Telemarksf­orsking i Bø har lita tru på at kommunane får refusjon for tapet.
LITA TRU: Seniorfors­kar Kjetil Lie ved Telemarksf­orsking i Bø har lita tru på at kommunane får refusjon for tapet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway