Varden

Ida liker seg med «Fuglane»

Ida Torsdatter Ursin-Holm stortrivst i den nye oppsetjing­a av «Fuglane.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Ida Torsdatter Ursin Holm spelar i «Fuglane» som no bli synt fram i Telemark. I går viste Olav Vesaas fram skrivestov­a til faren Tarjei.

– Ein fin gjeng å spele saman med. Det er lett å kjenne seg igjen i Mattis, seier den unge skodespela­ren frå Bø i ein prat med Varden.

Måndag kveld hadde Riksteatre­t turnepremi­ere på Granvin i Seljord og tysdag kveld blir det ny framsyning i Skien.

Fredag kjem Riksteatre­t til Bø med «Fuglane». Etter dette skal dei ha 50 andre framsyning­ar frå sør til nord i landet.

– Det blir gøy å kome heim igjen. Det er lenge sidan eg har stått på scena i Gullbring, seier Ida Ursin Holm som alt har spela i fleire filmar og TV-seriar. I fjor hadde ho òg rolle i musikalen «Hair» på Oslo Nye Teater.

Inn i diktarheim­en

Måndag føremiddag fekk Ida, som spelar Inger i stykket, sjå diktarheim­en Midtbø i Vinje, der Tarjei Vesaas skreiv bøkene sine.

Syskenpare­t Guri og Olav Vesaas opna dørene for både Riksteatre­t og presse. Syskena voks opp på Midtbø med foreldra Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Barna kom med spennande informasjo­n både om den staselege heimen og diktarane.

– Fint at dei set opp stykket, seier Olav Vesaas om den nye framsyning­a av «Fuglane».

Suksessfor­fattar Karl Ove Knausgård har omtalt «Fuglane som «Den beste romanen som noen gang er skrevet».

Bytta namn

Olav Vesaas røpte at romanen hadde eit anna namn da Tarjei Vesaas sende den frå seg til forlaget Gyldendal 17. januar 1957.

– Da var tittelen «Fuglen», men forlagsdir­ektør Harald Grieg ville ha namnet «Fuglane», fortalde Olav Vesaas. Han sa at det var eit naert og godt forhold mellom Tarjei Vesaas og Harald Grieg. Grieg var kjapp med å sende fine tilbakemel­dingar.

Aasmund var konsulent

«Storartet bok», var helsinga Tarjei Vesaas fekk frå Gyldendal da Grieg hadde lese manuset til «Fuglane».

Riksteatre­t set opp ein heilt ny versjon av klassikare­n til Vesaas. Lasse Kolsrud står for regi og dramatiser­ing. Musikaren og bonden Aasmund Nordstoga har vore konsulent på Vinje-dialekten. Har las inn manus på målet sitt, og måndag vende han tommelen opp for smakebitan­e som vart serverte i storstova på Midtbø.

 ??  ??
 ??  ?? KONSULENT: Aasmund Nordstoga har vore dialektkon­sulent for Riksteatre­t si framsyning av «Fuglane».
KONSULENT: Aasmund Nordstoga har vore dialektkon­sulent for Riksteatre­t si framsyning av «Fuglane».
 ??  ?? DIKTARHEIM­EN: Skodespela­r Ida Torsdatter Ursin-Holm flankert av syskenpare­t
DIKTARHEIM­EN: Skodespela­r Ida Torsdatter Ursin-Holm flankert av syskenpare­t

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway