Bygde 108 senger
Vierli Eigedom AS har bygd 108 utleigesenger naer Rauland Skisenter. Prislappen er kring 15 millionar kroner.
No er det oppført tre bygg, der det er fire leilegheiter i kvar eining. Bygginga har skjedd som resultat av ordninga der hytteeigarar med utleigeplikt kunne kjøpe seg fri - det som i Vinje kommune er kalla «ombytemodellen».
Hytteeigarane blir kvitt utleigeplikta ved å betale 75.000 kroner per seng. Dette var ei sak som skapte mykje strid, før kommunestyret vedtok den nye modellen.
Vinn-vinn situasjon
Som følgje av dette opplegget, har ordninga med frikjøp finansiert om lag halve kostnaden på 15 millionar kroner. Resten har Vierli Eigedom finansiert.
Vierli Eigedom er eineeigar av Rauland Skisenter.
– Dette er ein vinn-vinn situasjon for alle, både for reiselivet, hytteeigarar og kommunen. No er det blitt ro rundt saka, og det er viktig for Rauland som reisemål. Rauland er ein snøsikker destinasjon med vekst kvart år og mange bra kvalitetar, seier Kristin Larsen
Ein fulltreffar
Bygga stod ferdige i fjor haust, og etterspørselen har vore svaert stor.
– Me har svaert godt belegg ut mars i år. Desse bygga er tilpassa utleig-emarknaden, noko som eg trur er ei forklaring på suksessen. Danskar og nordmenn utgjer hovudgruppene, seier Kristin Larsen.
Det høyrer med at før jol i 2017 sette Vierli Eigedom opp eit tilsvarande bygg i Holtardalen, slik at selskapet har bygd totalt 140 senger som resultat av ombytemodellen.
No er Kristin Larsen spent på korleis belegget blir i sommar.
– Me arbeider kontinuerleg med å fylle opp. For sommarsesongen har me mykje kontakt med nederlandske operatørar. Dei startar snart bestillingane, så dette blir svaert spennande, seier ho.
Kan bli fleire
– Aktuelt å byggje enda fleire utleigesenger?
- Det er aktuelt å byggje fleire utleigesenger. Det skal byggast fleire slike rundt Rauland Høgfjellshotell, svarar Kristin Larsen.