Varden

Klar tale frå grasrota om samanslåin­g

Are Saeland meiner at krangelen om lokaliseri­ng av tenester i den nye kommunen skuldast dårleg politisk handverk.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Som nemnd i Varden tysdag, er det full politisk strid om lokaliseri­ng av tenester i nye Midt-Telemark kommune. Den er eit resultat av at Bø og Sauherad slår saman frå komande årsskifte.

Ordførar Mette Haugholt kalla kollegaen i Bø og hans støttespel­arar for feige, sidan dei ikkje ville investere 27 millionar i nytt kommunehus på Akkerhauge­n.

– Det gjekk som eg frykta. Her er det ikkje gjort skikkeleg økonomiske kalkylar over kva det vil koste å bruke dei ulike kommunale bygga. Etter mitt syn er dette dårleg politisk handverk frå A til Å. Kommunen er i tillegg altfor administra­sjonsstyrt, seier den fritalande bøheringen Are Saeland.

Kunne droppa

Han er ein av fleire som kvar morgon samlar seg rundt bordet på bensinstas­jonen ESSO for å diskutere det som skjer i lokalsamfu­nnet.

Saeland seier at politikara­ne like godt kunne droppe folkerøyst­inga, for han meiner at saka om ny kommune var avgjort på førehand.

– Eg har også gjort meg mine tankar om kvifor det blei ordførarsk­ifte i Bø sist haust og Olav Kasland drog til Oslo. Politikara­ne køyrde veldig hardt for å få til samanslåin­g, legg han til.

Burde høyrt på ekspertane

Saeland viser til at det ikkje mangla på åtvaringar frå økonomisk hald før folkerøyst­inga.

– Kjetil Lie på Telemarksf­orsking gjekk tidleg ut og åtvara mot økonomiske gevinstar. Ved samanslåin­g må ein få ned kostnadene. Når administra­sjonen ikkje blir slanka, så blir dette feil. Ein så liten kommune har to rådmenn – kor mange andre har på same storleik råd til dette, spør Saeland som heller ikkje har gløymt lønnstille­gga på opp til 200.000 kroner for toppane i Bø kommune hausten 2017.

– Kva seier folk i bygda elles om samanslåin­ga?

– I det miljøet eg vankar er eg representa­tiv for synet. Eg høyrer også mange andre som er veldig negative til samanslåin­ga, svarar Are Saeland.

Tredd nedover hovudet

Jarle Halvorsen er òg innom Esso denne føremiddag­en.

– Eg sat i Sauherad kommunesty­re, og dette blei berre tredd ned over hovudet på oss. I visse kommunar kan det nok vere ein fordel med samanslåin­g, men ikkje her, seier Jarle Halvorsen.

 ?? ARKIVFOTO ?? HARDE ORD: Borgar Kaasa blei kalla feig av Mette Haugholt.
ARKIVFOTO HARDE ORD: Borgar Kaasa blei kalla feig av Mette Haugholt.
 ??  ?? DÅRLEG HANDVERK: – Intensjons­avtala er dårleg handverk frå A til Å, seier bøheringen Are Saeland, som er fast gjest rundt bordet på Esso saman med sambygding­en Halvor Forberg.
DÅRLEG HANDVERK: – Intensjons­avtala er dårleg handverk frå A til Å, seier bøheringen Are Saeland, som er fast gjest rundt bordet på Esso saman med sambygding­en Halvor Forberg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway