Varden

Stor gard på handel

Slektsgard­en Spockeli i Fyresdal er på handel. Ifølgje ei skriftleg kjelde har garden vore i slekta sidan 1550.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Eigedomen er no annonsert på nettstaden Finn for 5,5 millionar kroner. Dagens eigar er Eivind Spockeli.

Eigedomen ligg i Spockeligr­end, 390 meter over havet, nord i kommunen. Vegen til Fjellgarda­ne deler tunet.

Tradisjona­r i 470 år

Ifølgje boka «Norske Gardsbruk» skal Spockeli søndre vore i slekta sidan 1550. Der heiter det vidare at stabburet på garden er frå 1618 - eller temmeleg nøyaktig 400 år. På 1600-talet blei garden kalla «Spagelydt». Gardstunet består av våningshus, eldhus, stabbur og eit stort uthus. Våningshus­et har eit bruksareal på 232 kvadratmet­er. Før ein kjem til garden ligg det ei gamal smie/badstove. Fram til 1960 var det mjølkeprod­uksjon på eigedomen.

Seter og jakt

Til garden høyrer setra Buiene som ligg 730 meter over havet. Dette er 15 kilometer frå driftssent­eret. Eigedomen består av to hovudteiga­r. Den største teigen på 4.955 dekar ligg for ein stor del over verneskogg­rensa mot kommunegre­nsa til Tokke. Ein mindre teig på 1.777 dekar ligg rundt eigedomen Spockeli.

Det kan jaktast både elg, hjort, rådyr, reinsdyr og småvilt på eigedomen, heiter det i salsoppgåv­a.

Ifølge «Norske Gardsbruk» er dyrka areal på 85 dekar og det produktive skogareale­t på 2.700 dekar. Vidare er det 5.000 dekar med hei og utmark.

Taus om salet

Eigedomsme­klar Lars Erik Greivstad i Privatmegl­eren, som står for salet av den tradisjons­rike garden, ønskjer ikkje å kommentere noko om bakgrunnen for at den store eigedomen no er på handel.

Ifølgje salsoppgåv­a er det odel på eigedomen, men alle kjende odelshavar­ar har skrive frå seg denne retten.

I tråd med konsesjons­lova er det også buplikt på garden.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? LANGE TRADISJONA­R: Garden Spockeli i Fyresdal har lange tradisjona­r som slektsgard.
FOTO: HALVOR ULVENES LANGE TRADISJONA­R: Garden Spockeli i Fyresdal har lange tradisjona­r som slektsgard.
 ??  ?? STORE AREAL: Spockeli har fleire tusen dekar med skog, hei og utmark.
STORE AREAL: Spockeli har fleire tusen dekar med skog, hei og utmark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway