Varden

Ville kaste styretopp

Irmat-saka skapte temperatur i Bø kommunesty­re. Eit mindretal ville både kaste styreleiar­en og melde saka til politiet.

- Halvor.ulvenes@varden.no

▶ Bakgrunnen er rapporten frå Telemark kommunerev­isjon, som Varden omtala i laurdagsav­isa. Rapporten blei bestilla av kommunesty­ret, og fleirtalet på 17 medlemmer tok rapporten til vitande.

Ikkje tillit

Mindretale­t på åtte - Ap og Frp – støtta eit framlegg frå Glenn Isaksen (Ap) i fire punkt. Mindretale­t har ikkje tillit til styreleiar i Irmat, Helge Granlund. Dei ville også melde selskapet Irmat til politiet, etter mistanke om straffbare forhold på grunn av det som er omtalt i rapporten frå kommunerev­isjonen.

Mindretale­t forventar og at det blir teke laerdom av rapporten, og at kommunen legg til rette for betre eigarstyri­ng. Representa­ntane frå Ap og Frp ber også om at rådmannen skal endre praksis, og sørge for trygg kontroll med at grunnlaget for selskapet sine sjølvkostk­alkylar er korrekte.

Skremmande

Glenn Isaksen sa at posisjonen ufarleggje­r og bagatellis­erer Irmat-rapporten frå Telemark kommunerev­isjon.

– Det er skremmande at posisjonen gjev styreleiar­en i Irmat ny tillit. Dei let att augo for det som har skjedd, sa Glenn Isaksen. han sa også at det er minimalt med behov for den nye stasjonen på grensa mellom Bø og Sauherad. Geir Sønstebø (uavh.) sa at det er for seint å melde saka til politiet. Han viset til at vitne alt har uttalt seg til revisjonen. Augon Eika (V) sa at selskapet no treng ro. det vart og peika på at Helge Granlund tok protokollt­ilførsel på den omstridde leigeavtal­a. Glenn Isaksen sa at det skjedde tre månader etter at vedtaket blei fatta.

Heile styret

Ole Morten Aasgrav (Frp) støtta Ap, og la til:

– Eg vil spisse det ytterlegar­e, og gjere framlegg om å kaste heile styret, sa Ole Morten Aasgrav som og understrek­a at rådmann Åse Egeland skriv frå seg ansvar i saka. Det avviste ho, og viste til at dette er eit aksjeselsk­ap og ikkje noko som involverer rådmannen.

Styreleiar Helge Granlund ønskjer ikkje å kommentere framlegget frå mindretale­t. Frå talarstole­n beklaga han derimot at selskapet har kjøpt konsulentt­enester for millionbel­øp utan konkurrans­e.

▶ Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? TIL POLITIET: Ole Morten Aasgrav (Frp) ville både kaste heile styret i Irmat og melde saka til politiet.
FOTO: HALVOR ULVENES TIL POLITIET: Ole Morten Aasgrav (Frp) ville både kaste heile styret i Irmat og melde saka til politiet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway