Varden

Mattilsyne­t ein bremseklos­s

- Styremedle­m Telemark Bondelag

Fruktdyrka­rar i resten av Europa har langt fleire hjelpemidd­el til rådvelde enn norske fruktprodu­sentar når problema er store og førebyggan­de tiltak ikkje gir effekt lenger. Problemet er at Mattilsyne­t tolkar regelverke­t langt strengare enn nabolanda våre.

På garden vår i Sauherad har me dei siste 15 åra satsa stort på økologisk fruktdyrki­ng. Men i fjor måtte me gje opp og legge om mesteparte­n til konvensjon­ell drift fordi me ikkje greier å få økonomi i produksjon­en.

Utfordring­a er at me ikkje har like mange innsatsmid­del som produsenta­r elles i Norden og Europa. Det største problemet er insekt som går inn i epla og øydelegg dei frå innsida. Det er faktisk Mattilsyne­t som er bremseklos­sen her.

I 2017 kom det ei ny økologi-forskrift som seier at plantevern­middel som er lov å bruke i økologisk dyrking i EU, er også lovleg å bruke i Norge. Men dei må likevel få ei nasjonal godkjennin­g av Mattilsyne­t her i landet.

Eit av problema er at det kan koste 250.000 kroner i gebyr til Mattilsyne­t å få godkjent eit middel som kanskje berre nokre få økologiske dyrkarar skal bruke.

Økologisk fruktprodu­ksjon treng fleire godkjende plantevern­middel. Men firma som importerer desse vegrar seg for å søke løyve på grunn av høge gebyr og strenge dokumentas­jonskrav. Importøran­e finn det ikkje rekningssv­arande å søkje godkjennin­g fordi for få dyrkarar vil kjøpe produkta.

Svovelkalk var i bruk i Norge for inntil 15 år sidan. Men brått var ikkje dokumentas­jonen god nok for Mattilsyne­t og middelet blei ikkje godkjent lenger. Sverige og Danmark valde å forlenge gamle nasjonale godkjennin­gar, medan Norge strauk godkjennin­ga då det kom nye dokumentas­jonskrav. Dermed har me mista eit godt produkt mot skurvsopp på epla.

Dette problemet gjeld ikkje berre økologisk produksjon. Også konvensjon­elle produsenta­r blir stoppa av streng praksis hos Mattilsyne­t. Det bør bli lettare å få godkjent nye middel, anten gjennom enklare regelverk eller støtte til restmiddel­forsøk. Frå morellprod­usentar som har tunnelar får eg melding om at dei har faerre middel enn dei som dyrkar på friland. Grunnen er manglande restmiddel­forsøk.

Strengt regelverk? Ja, men me må vel leve med regelverke­t sidan me no har same regelverk som i EU. Men tolking og etterlevin­g av regelverke­t synast å vere ulikt.

For økologisk drift er gebyrsatsa­ne ein stor bremseklos­s. Dokumentas­jonskrava er strenge, men det gjeld også i andre land.

Agronomisk­e omsyn blir tillagt litan eller ingen vekt i Norge medan i Danmark seier rådgjevara­ne at Miljøstyre­lsen der nede kan la seg påverke av god argumentas­jon og saerlege agronomisk­e omsyn.

Mattilsyne­t må no sjå på praksisen sin og sette ned gebyrsatsa­ne og krava for å få godkjent nye plantevern­middel.

Mikkel Aanderaa

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: GEIR ROANG ?? INSEKTSANG­REP: Usprøyta eplekart, på eit tre som har blitt kraftig angrepe av insekt i år.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: GEIR ROANG INSEKTSANG­REP: Usprøyta eplekart, på eit tre som har blitt kraftig angrepe av insekt i år.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway