Varden

Kjøpte sjokolade og falt pladask

Maria Heggelund Grave kjøpte sjokolade av Magnus Rognstad Swensen på Dyrsku’n for fem år sidan. No er dei sambuarar.

-

I går stod kjaerastan­e og selde sjokolade i utsalet til Gjøvik sjokoladef­abrikk i Ridehallen - akkurat der det fyrste møtet mellom dei fann stad i 2014.

Da var Seljord-jenta 17 år og Gjøvik-karen Magnus 20 år. Han hadde dyrskujobb i familiebed­rifta, der faren er eigar og onkelen dagleg leiar.

Leita lenge

Maria gjorde straks eit djupt inntrykk på sjokolades­eljaren.

– Me hadde ikkje utveksla noko namn eller telefonnum­mer, men såg kvarandre fleire gonger i løpet av denne dyrskuhelg­a. Etter Dyrsku`n byrja eg å leite i lokalavise­r og på sosiale medium. Etter eit par månader fann eg fram til ei venninne som var saman med Maria, og dermed fekk eg spora henne opp. Da var det november, fortel Magnus.

Sende melding

– Kva skjedde vidare?

– Eg sende melding til henne i februar 2015, og i april hadde me det fyrste møtet. I juni vart me kjaerastar, og i dag er me sambuarar, seier Magnus Rognstad Swensen.

– Og hadde jenta lagt merke til guten ved sjokoladek­jøpet?

– Ja, eg hadde det, svarar Maria med eit lurt smil.

Dyrskubryl­laup

Paret bur no i Italia. Planen er å starte ein ny bedrift som skal levere miljøinsta­llasjonar til byane.

– Da blir det kanskje bryllaup på Dyrsku´n?

– Me har snakka om dette. Det må bli bryllaup her sidan Dyrsku`n var møtestaden. Tidshoriso­nten er om fem år, for da har me ti årsjubileu­m, seier dei blide kjaerastan­e Maria Heggelund Grave og Magnus Rognstad Swensen.

Mange gjester

I så fall går dei i fotspora til Linn-Therese Hytten Andersen og Hans-Martin Rød som gifta seg på Dyrskuplas­sen laurdag ettermidda­g. Det var høgtideleg stemning da kjaerastan­e frå Andebu i Vestfold kom med hest og trille til Sterke Nils-tunet. Der vart dei ønskt velkomen av Aasmund Nordstoga som serverte øl frå bollen. Før seremonien baud han òg på fleire flotte kjaerleiks­viser.

Ølet var godkjend, og dermed kunne brurepar og forlovarar ta plass ved presten. Paret vart fyrst vigd av sokneprest Dag Harald Undheim, og deretter smidd i hymens lenker av Fyresdal-smeden Øyvind Klausen. Fleire hundre av det talrike Dyrsku-publikumme­t følgde interesser­t med på denne seremonien.

 ??  ??
 ??  ?? FYRSTE MØTET: Magnus Rognstad Swensen måtte drive mykje detektivar­beid før han fann igjen Maria Heggelund Grave etter sjokoladek­jøpet i dette utsalet på Dyrsku`n for fem år sidan. No er dei sambuarar.
FYRSTE MØTET: Magnus Rognstad Swensen måtte drive mykje detektivar­beid før han fann igjen Maria Heggelund Grave etter sjokoladek­jøpet i dette utsalet på Dyrsku`n for fem år sidan. No er dei sambuarar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway