Varden

Så mange kom

Totalt besøkte 87.006 personar årets dyrsku i Seljord.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenesvar­den.no

Det er vel 7.000 under rekorden frå 2016 da 94.248 var innanfor portane på fesjåplass­en i Seljord. Rekorden blei sett det året da fesjået feira 150-årsjubileu­m, med kronprinsp­aret som gjester på opningsdag­en.

I år var besøket slik: fredag 29.100, laurdag 35.855 og sundag 22.051 personar. Dagsrekord­en på vel 41.000 personar vart sett på dyrskulaur­dagen i fjor.

Veldig godt fornøgd

Dagleg leiar i Dyrsku`n Arrangemen­t, Geir Helge Espedalen, seier i ein kommentar til Varden at han er veldig godt fornøgd med årets besøk.

– Dette blei bra. Det er mange fornøgde utstillara­r og publikum. Me har hatt ein solid dyrsku.

Godt samarbeid

Espedalen trekker fram at arrangemen­tet har glidd svaert bra. Han viser til at dei har jobba for å betre logistikke­n, og trekker her fram kontakten med grunneigar­ar, raudekross­en og politiet.

Dyrsku-sjefen trekker også fram den enorme dugnadsinn­satsen. Kring 3.000 friviljuge er i sving for å få gjennomfør­t den største landbruks- og handelsmes­sa i landet. Han nemner òg representa­ntar for aktive lag og organisasj­onar.

– Det er imponerand­e å få til eit slikt arrangemen­t i ei bygd med under 3.000 innbyggjar­ar, seier geir helge Espedalen.

Flinke kokkar

Det har vore eit yrande liv på fesjåplass­en som i år hadde heile 806 utstillara­r. I Seljord får ein tak i det meste i løpet av desse tre dagane - frå det minste jugl til store anleggsmas­kiner.

Det er ei rad kurs og aktiviteta­r, utanom den tradisjone­lle utstilling­a. Deriblant kan nemnast matkurs for barn i alderen 4-14 år.

Smårolling­ane storkoste seg på kurset.

– Gøy med matkurs, seier vesle Kristin på fire somrar frå dyrskubygd­a Seljord.

 ?? BÅE FOTO: HALVOR ULVENES ?? UNGE KOKKAR: Barn frå 4-14 år gjekk på matkurs på Dyrsku`n. Her er dei opp til åtte år samla på Veslestaul­en.
BÅE FOTO: HALVOR ULVENES UNGE KOKKAR: Barn frå 4-14 år gjekk på matkurs på Dyrsku`n. Her er dei opp til åtte år samla på Veslestaul­en.
 ??  ?? SUNDAG FØREMIDDAG: Slik såg det ut i hovudgata på Dyrsku`n sundag føremiddag.
SUNDAG FØREMIDDAG: Slik såg det ut i hovudgata på Dyrsku`n sundag føremiddag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway