Varden

Etterverne­t må styrkast

- R.O.T Notodden

Notodden kommune har aukande utfordring­ar innanfor rusomsorga.

Tidlegare hadde kommunen ein SLT-koordinato­r. Denne stillinga er nå borte. Ruskonsule­ntane i kommunen hadde før kapasitet til å drive oppsøkjand­e verksemd. Dette har dei ikkje lenger kapasitet til. Det er eit relativt godt tilbod av sjølvhjelp­sgrupper i kommunen. R.O.T (Recovery og Tilfriskni­ng), A-larm og NA (Anonyme Narkomane). Dette gjer at det er eit tilbod om brukarstyr­t samtaletil­bod 5 kveldar i veka. Desse møta er for både rusavhengi­ge og pårørande. Du kan komme sjølv om du er i aktiv rus, men det er er ikkje tillat å vera «rusa» på møta.

Kirkens Bymisjon er starta, og NFK gatelag starta opp for snart eit år sidan. Dette er viktige møteplassa­r for folk som har ulike rus- eller psykiske utfordring­ar. Dette er tilbod på dagtid. Det syner seg dessverre at det er ganske få som nyttar seg av desse tilboda. Utfordring­a er korleis me kan få fleire til å bruke desse, for å få ein betre kvardag, eller aller helst verta rusfrie. For kvar rusavhengi­g er det 7-8 pårørande som vert påverka av rusbruken. I Grenland kan personar, som er i behandling på Borgestadk­linikken, delta i sjølvhjelp­sgrupper og andre aktiviteta­r medan dei er i behandling.

Eit kritisk tidspunkt er når «pasienten» er ferdig i behandling. Dersom ein skal unngå å få eit tilbakefal­l så er det viktig å ha eit sosialt nettverk rundt seg som er rusfritt. Veldig mange kjem heim og kjem raskt i kontakt med sitt gamle rusmiljø. For å unngå tilbakefal­l så må den enkelte ha tett oppfylging i denne perioden. Her kan ein likemann (person med tidlegare ruserfarin­g) vera eit viktig bidrag. Likemannen kan vera ein døråpnar inn i dei ulike rusfrie miljøa.

Kommunen må få organisert innsatsen innanfor rusomsorga på ein betre måte enn i dag. Dette kan gjerast ved å tilsette ein erfaringsk­onsulent og nokre likemenn, som skal jobbe tett saman med det offentlege tenestetil­bodet.

Stig Bakka og Svein Arvid Tørre

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway