Varden

Gir ikkje opp kampen

Jørn Myhre, som har krangla om tett kloakktank ved fritidsbus­taden sin i Fyresdal, har kopla frå reinseanle­gget, etter trugsmål om bot frå kommunen. Hytteeigar­en gir likevel ikkje opp kampen.

-

Som Varden tidlegare har fortalt, har byggmeiste­r Myhre etablert ein tett kloakktank på hyttetomta si i Fyresdal.

Kommunen meiner den er ulovleg, og truga han med bot på 25.000 kroner - med frist no i månadsskif­tet - viss han ikkje kopla frå anlegget.

Over for godt

Hytteeigar­en frå Sandefjord har følgd oppmodinga, og sende fredag følgjande helsing til kommunen:

«Rørlegger Norvald Vik har nå koblet fra vann og avløp til tett tank, slik at hytten ikke kan brukes i tråd med Fyresdal kommunes ønske . ... Da håper jeg Fyresdal kommune er fornøyd for reduksjon av varme senger fra vår side. Tradisjone­n med å feire nyttår på hytta er nå over for godt.»

Myhre har skriv ei rad brev til kommunen, der han viser til krav om regulering.

Åtte månader

- Oppstartsm­øtet var 29. mars i år. Eg har vore klar til å regulere sidan i vinter, men etter åtte månader har framleis kommunen ikkje kunne gje meg svar på kva eg skal regulere i eit hytteområd­e som blei utbygd for 30 år sidan. Dette er ei skandaløs sakshandsa­ming, og heilt i strid med forvalting­slova, seier Jørn Myhre.

Andre fekk lov

– Ein annan hytteeigar har fått løyve til påbygg og utslepp av gråvatn. Ei hytte nr. to fekk full installasj­on av med reinseanle­gg. Båe ligg i 100-metersbelt­et, der det berre er lov til å vedlikehal­de det ein har.

Desse hyttene har fått monaleg verdiauke som me andre ikkje får glede av. Dette er grov forskjells­behandling. Eg gir ikkje opp kampen, men kan ikkje klage til Fylkesmann­en før kommunen har handsama klaga vår, seier Jørn Myhre.

I ei brev på vegner av ein annan hytteeigar skriv Jørn Myhre at ei klage til Fylkesmann­en blei liggjande fire månader i kommunehus­et.

Vil bøye seg

Ordførar Erik Skjervagen seier at han er ueinig med saksframst­illinga til Myhre, men ber han klage til Fylkesmann­en.

– Dersom Fylkesmann­en konkludere­r med at Myhre har rett, så vil me bøye oss for det, seier ordføraren.

– Ei anna klage blei liggjande i fire månader i kommunen?

– Viss det er rett, har kommunen gjort for dårleg jobb, svarar Erik Skjervagen.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? ULOVLEG: - Jørn Myhre sitt problem er at han bygde eit ulovleg anlegg, seier ordførar Erik Skjervagen.
FOTO: HALVOR ULVENES ULOVLEG: - Jørn Myhre sitt problem er at han bygde eit ulovleg anlegg, seier ordførar Erik Skjervagen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway