Varden

Vettet har førebels sigra

Måndag sigra vettet - i alle høve inntil vidare - i Midt-Telemark formannska­p. Med seks røyster mot ei blei det vedtatt å få utgreidd føresetnad­ene for at kommunalt eigarskap i Gullbring kulturanle­gg - gjennom Bø kommunale eigedomsse­lskap AS - skal halde

- Torbjørn Børte

Denne saers viktige saka skal endeleg avgjerast i kommunestr­emøte 3. februar neste år. For å gjera det klart: Intensjons­avtale mellom kommunen og Studentsam­skipnaden i Sørøst-Norge (SSN), framforhan­dla av kommunalsj­ef Terje Kili og Samskipnad-direktør Hans Erik Stormoen, blir altså ikkje, slik det var lagt opp til, vedtatt - naermast som ei hastesak - i kommunesty­remøte 9. desember.

Eg har stilt

spørsmål om korleis og når kommunalsj­efen (med sjefen hans, kommunedir­ektør Åse Egeland i ryggen) fekk fullmakt av dei folkevalde i «gamle» Bø kommune til å forhandle på kommunens vegne. Utan å få noko fullgodt svar. Eg sa på eit folkemøte 20. november at Bøs poltiske leiing - formannska­pet som skulle forvalte kommunens vel 90 prosent eigarskap i anlegget - har sett seg sjølv på sidelina. Utan å bli motsagt av den same leiinga.

Og eg konstatere­r:

SSN har langt på veg diktert vilkåra i denne avtala, på vegner av Universite­tet i Søraust-Noreg. Det går ut på billigsal på skarve 40 millionar kroner til SSN, medan anleggets tekniske verd, med uteområde, er vurdert til 238 millionar av autorisert takstfirma. Som nybygg ville det truleg hatt ein prislapp på minst 350 millionar.

Ingen skal fortelja

meg at Studentsam­skipnaden, som ein kommersiel­l aktør, gir ved dørene. Så forteier da heller ikkje den mektige direktør Stormoen at han er saerdeles tilfreds med avtala - i ein kommentar til Bø blad: «Om kommunen vel å selje Gullbring til oss, så er det ikkje eit superposit­ivt reknestykk­e for kommunen. Me gjer ikkje dette for å vere supersnill­e...» Reine ord for pengane. Uvanleg frittaland­e frå leiaren for ein statleg institusjo­n som på sin skipnads vegne kan rekne med å innkassere så mykje som oppimot 14 prosent i avkasting. Ein profitt sjølv den mest suksessrik­e investor ville ha vore ovnøgd med...

SSN er så

storsinna å tilby Midt-Telemark kommune heile 9,9 prosent eigarskap i Gullbring kulturanle­gg ved eit sal der dei sjølve sit med 90,1 prosent av aksjane. Altså: Bukta og begge endane.

Med fare for

å bli skulda for «name-dropping»: Det er ei imponerand­e rekke akta, skjønsame menn som nå har stått fram for å peike på det fornuftige - og realistisk­e i å behalde Gullbring i kommunal eige. Eg nemner - i alfabetisk rekkefølgj­e: Arne Baugerød, Asbjørn Botnen, Ingemar Bråten, Einar Fagerås, Per Fostervoll, Sigmund Haugen, Gunleik Hynne, Glen Isaksen, Jan Lepperød, Kjell Arne Lunde, Trygve Myrene, Arne Martin Prestrud, Peder Rekkedal, Per Simon Slettebø, Arne Storhaug, Terje Wold... Fleire kunne visseleg ha vore nemnt.

Eg har ei

oppmoding til dykk - 29 i talet - som møter i kommunesty­ret framover. De er valde for å represente­re folkevilje­n. Det bygger ikkje på noka opinionsmå­ling. Men i denne saka er eg ikkje i tvil: Fleirtalet av innbyggara­ne i Bø og Sauherad, den nye Midt-Telemark kommune, vil at kommunen framleis skal eige sitt eige kulturanle­gg.

I løpet av

nokre månader har eg vore til stades på to generalfor­samlingar og eit såkalla informasjo­nsmøte, som på grunn av frammøtet godt kan kallast eit folkemøte. Alle innlegg eg har hørt - frå aksjonaera­r og andre bygdefolk - har vore eintydige: Gullbring må halde fram i kommunal regi. Varden-journalist Halvor Ulvenes oppsummere­r det så treffande 21. november: «Massiv skepsis til sal av Gullbring». Så sant som det er skrive.

 ?? ?? FRAMLEIS KOMMUNALT: Drifta av Gullbring kulturanle­gg må halde fram i kommunal regi, meiner artikkelfo­rfattaren.
FRAMLEIS KOMMUNALT: Drifta av Gullbring kulturanle­gg må halde fram i kommunal regi, meiner artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway