Varden

Bok på dugnad

Telemark Historiela­g jubilerer med årsskrift nummer 40. Boka blir laga på dugnad.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no ▶ SKIEN

– Artiklane er stort sett skrivne av fagfolk, men me opnar også opp for andre bidrag. Boka er er eit resultat av årets seminar om laerarutda­nning, seier redaktøran­e Ellen Schrumpf og Nils Ivar Agøy.

Fyrste varige

I 1819 blei laerarutda­nninga etablert i Noreg. Den fyrste varige laerarskul­en i landet, Kosaskulen, blei sett i gang i Kviteseid, og den var i drift i 70 år - til 1889.

- Der var det gode laerarkref­ter som trekte til seg gløgge bygdefolk, seier Ellen Schrumpf. Ein av desse var Aasmund Olavsson Vinje. Olav Solberg skriv i ein artikkel at «Osmund

Olsen» frå Vinje, 17 år, har fått undervisni­ng i tre månader 1834, 1835 og 1836.

Nasjonalsk­alden

Solberg fortel at den seinare nasjonalsk­alden stod øvst på kyrkjegolv­et heime i Vinje - naermast alteret og presten. Det var eit vanleg uttrykk for teoretisk kunnskap, laerdom og blei sett på som aerefullt, skriv Olav Solberg i artikkelen.

Der heiter det elles at det verkar som Vinje var godt fornøgd med studieopph­aldet på Kosaskulen - og viser til eit sitat frå Drammens Tidenede i 1857: «De flinke Skoleholde­re fik her en Vaekkelse og Antydning, som de siden paa egen Haand efter Lyst og Leilighed kunde drive videre.»

Elles inneheld boka artikkel av Helge Meland om laerarutda­nninga i Grenland. Anne Haugen Wagn skriv om Olea Crøger sitt liv og virke i Vest-Telemark og Ellen Rodvang brettar ut soga om kokeboka til Gurine Carlsen frå Skien, for å nemne nokre av innslaga i den nye boka frå Telemark Historiela­g. Laget held neste års seminar på Rjukan i slutten av april, med freden i Telemark som tema.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? REDAKTØRAR: Ellen Schrumpf og Nils Ivar Agøy har ansvaret for den nye boka.
FOTO: HALVOR ULVENES REDAKTØRAR: Ellen Schrumpf og Nils Ivar Agøy har ansvaret for den nye boka.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway