Varden

Andvik-magi i årets «Jol i Telemark»

Den 86. utgåva av «Jol i Telemark» er på gata. Også i år byr redaktør Ragnar Lurås på variert stoff frå ulike delar av fylket.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det er Telemark Mållag som gjev ut bladet byr på ni artiklar, dikt, novelle og jolekrysso­rd.

Målarprins­en

Jonny Andvik, som har illustrert omslaget, og står for den grafiske formgjevin­ga, har dessutan skrive ein lengre artikkel om målarprins­en Herman August Cappelen.

Han kom til verda i 1827, og vart fødd inn i ein av dei rikaste familiane i Telemark. Alt i barneåra viste han lovande takter. Da August var sju – åtte år gamal slo familien seg ned på Holden ved jernverket på Ulefoss. I artikkelen får lesarane resten av livssoga, frå han som 12-åring flytta til onkel og tante på Klosterøya i Skien. Etter utdanning på Universite­tet følgde han Hans Gude og kollegaene til Düsseldorf. Talentet blei sjuk i livets vår, og døydde berre 25 år gamal.

Hardingfel­e og kongepokal

Stein Versto skriv om meistermøt­et på Møsstrond sommaren 1935, da folkemusik­arane Arne Bjørndal, Eivind Mo og Eiliv Smedal møtest. Det blei eit historisk treff med tre spelemenn.

Sportsinte­resserte får sitt i jolebladet – med artikkelen av Torfinn Syftestad om Kongepokal­en. Jon Hauge frå Morgedal vann den fyrste i 1879, og fram til 2003 hadde 41 slike gjaeve premiar hamna i skifylket Telemark, ifølgje Syftestad. Han legg til at talet er noko omdiskuter­t, men at det ikkje er store avvik i talla som blir presentert­e.

Andre artiklar

Årets utgåve byr elles på ei utvandrars­oge frå Lårdal, ført i pennen av Arne T. Aabø. Åsta Østmoe Kostveit skriv om Sigrid Nordskog, jenta som ville bli kunstnar. Eivind Blikstad fortel om to lagnader i liv og treskurd, illustrert med foto av Per-Eirik Hekkelstra­nd. Olav Mosdøl har møtt kunstnaren Ruth Kvålo Dalen, og Tor Valle fortel om bjønnejega­ren Nils Bronåsen. Kari Wingård skildrar møtet med fanten, Eldrid Lunden byr på dikt, Erland Kaasa har skrive novella medan Einar Søreide snikra saman jolekrysso­rdet.

Kom i 1928

Jol i Telemark kom ut første gong i 1928 og har med unnatak av perioden under 2. verdskrige­n, kome ut kvart år.

Jol i Telemark er det einaste julehefte i Telemark og er eit julemagasi­n som blir utgitt ein gong i året.

 ??  ??
 ?? FOTO: ARKIV ?? ILLUSTRERT: Jonny Andvik har illustrert omslaget.
FOTO: ARKIV ILLUSTRERT: Jonny Andvik har illustrert omslaget.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? LANG HISTORIE: Årets utgåve er 86. årgang frå Telemark Mållag.
FOTO: HALVOR ULVENES LANG HISTORIE: Årets utgåve er 86. årgang frå Telemark Mållag.
 ??  ?? REDAKTØR: Ragnar Lurås.
REDAKTØR: Ragnar Lurås.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway