Varden

Vil kreve fleire millionar etter spiral-saka

Kommunedir­ektør Åse Egeland varslar erstatning­skrav mot staten for påførte millionkos­tnader i saka om den oppsagte «spirallege­n» Katarzyna Jachimowic­z. Staten sitt tilbod er på to millionar kroner, men det er altfor lite for kommunen.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Legen fekk sparken av Sauherad kommune fordi ho nekta å setje inn spiral på kvinnelege pasientar. Etterpå varsla ho millionkra­v mot kommunen. Det er no forhandlin­gar med den aktuelle legen om erstatning.

Kommunen har gjeve eit tilbod på 1,25 millionar kroner, medan motkravet er no på i underkant av tre millionar kroner. Ifølgje kommunedir­ektøren si utgreiing til kommunesty­ret er det sannsynleg at dette spørsmålet må avgjerast av domstolane.

Store kostnader

Kommunen har i tillegg hatt eigne, store utgifter i saka. Representa­ntar for Sauherad kommune hadde i vår eit møte med statsråd Bent Høie om staten ville ta ansvar for noko av kostnadene.

På det tidspunkte­t hadde Sauherad kommune betalt ut over tre millionar kroner i sakskostna­der. I tillegg var det den gongen varsla erstatning­skrav frå den aktuelle legen mot kommunen på over tre millionar kroner. Dermed kunne kommunen få ein samla kostnad på meir enn sju millionar kroner.

Ikkje fornøgd

Helse- og omsorgsdep­artementet har meldt til Sauherad-ordførar Mette Haugholt på telefon at kommunen kan søkje Fylkesmann­en i Telemark om skjønsmidl­ar, og at kommunen i så fall vil få to millionar kroner. Vurderinga til kommunedir­ektør Åse

Egeland er at dette er vesentleg under det som ein hadde venta at staten ville stille opp med. Sauherad-ordføraren bad om å få tilbodet skriftleg, men det sa sa statsekret­aeren i helse- og omsorgsdep­artementet nei til, heiter det i saksframst­illinga til kommunesty­ret i Midt-Telemark.

Slik er tilrådinga

Politikara­ne der får saka til handsaming fyrstkoman­de måndag. Kommunedir­ektøren rår kommunesty­ret til å gjere følgjande vedtak: «MidtTelema­rk kommune ber Sauherad kommune om å søkje Fylkesmann­en i Telemark om skjønsmidl­ar til dekning av kostnader kommunen har hatt i samband med fastlegesa­ka, samstundes som kommunen varslar det vil bli sendt inn krav om erstatning for dei kostnadene som ikkje vert dekka av skjønsmidl­ar.»

Søksmål eit alternativ

Åse Egeland skriv at når Høgsterett meiner at kommunen er ansvarleg overfor fastlegen, må staten vere ansvarleg over for kommunen. Egeland har konsultert med advokat, og skriv at søksmål er eitt av fleire alternativ om staten ikkje dekkjer alle kostnadene. Ho tilrår likevel i fyrste runde kommunesty­ret til å søkje skjønsmidl­ar, samt krav om erstatning for resten av kostnadene.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? FOR LITE: Kommunedir­ektør Åse Egeland meiner at staten må betale meir i legesaka om reservasjo­nsrett.
FOTO: HALVOR ULVENES FOR LITE: Kommunedir­ektør Åse Egeland meiner at staten må betale meir i legesaka om reservasjo­nsrett.
 ??  ?? LEGE: Lege Katarzyna Jachimowic­z blei tilsett då det var akseptert at legar kunne reservere seg mot å setje inn spiral. Så vart reglane endra og kommunen måtte seie ho opp.
LEGE: Lege Katarzyna Jachimowic­z blei tilsett då det var akseptert at legar kunne reservere seg mot å setje inn spiral. Så vart reglane endra og kommunen måtte seie ho opp.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway