Varden

Butikken med hjarte for kundane

På Åmdalsverk daglegvare står kaffien klar kvar dag klokka 10. Dei tilsette i butikken får super attest av kundane.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Ei jolekringl­e bør gå til kaffikroke­n og dei tilsette på Åmdals Verk daglegvare. Ein liten naerbutikk med stort hjarte for kundane sine. Kaffikroke­n er bygdas viktigaste samlingsst­ad. Kringla hadde vore perfekt inntil kaffien til kundane og dei tilsette, skriv Sigrunn Skare i framlegget sitt.

Siste nytt

– Me er innom her ofte. Dei som møtte opp kvar dag er borte no, seier Stein Otto Byggstøyl, Per Pedersen, Asbjørn Rinden, Knut Urbø og Harry Frantzen i den eigne kroken som bygdefolk har rusta opp på dugnad. Her drøftar dei aktuelle tema, og får siste nytt om det som skjer.

Bygget er det gamle forsamling­shuset som stod i Juvet og som blei flytta ned til verket. Tidlegare var det fleire forretning­ar på Åmdals Verk, men da bygda vart utan handelstil­bod tok innbyggjar­ane skeia i eigne hender – og oppretta i 2003 firmaet Åmdals Verk Daglegvare AS. Det skjedde etter at dei gjennom nokre år hadde måtte dra til Dalen for å gjere innkjøpa. Butikken har 80—90 aksjonaera­r. Dei fleste i lokalsamfu­nnet er såleis medeigarar i forretning­a, som ligg i rett ved krysset til fylkesvege­n som går mot Dalen eller Vrådal.

Veteranen

Terje Stava er den tredje daglege leiaren i butikken sidan 2003. Oslo-mannen

har 17—18 års røynsle frå handelsliv­et på Dalen, og byrja i butikken 1. april i år. Med seg har han veteranen Åse Solli som òg var butikkmeda­rbeidar i den daglegvare­forretning­a som var i same bygget på 1990-talet, men som blei lagt ned. tillegg arbeider tidlegare dagleg leiar Heidi Helmersen i ei deltidssti­lling.

Treng kvar krone

– Er folk på Åmdals Verk flinke til å bruke forretning­a?

– Stort sett, men dei kan bli enda flinkare. Me treng kvar einaste krone, svarar Åse Solli og Terje Stava. Butikken hadde i 2018 driftsinnt­ekter på 4,4 millionar kroner — ein liten nedgang på 13.000 kroner frå året før. Rekneskape­n syner eit underskot på 99.000 kroner. Året før gjekk butikken, som sysselset kring to årsverk, med 39.000 kroner i pluss.

— Gjennom åra har det vore både pluss og minus. Me balanserer på ein knivsegg, seier Knut Urbø, styremedle­m og ein av dei mange medeigaran­e.

Karane rundt bordet er uroa for framtidsut­siktene for det vesle lokalsamfu­nnet, som på det meste hadde 400 tilsette i gruvene.

– No ligg det an til at både skule og barnehage kan bli nedlagt. Skulle også butikken ryke, blir det stussleg her. Me treng å få fleire unge folk til bygda. Åmdals Verk har gode tilbod – lysløype, fotballban­e, ballbinge, hoppbakke, alpintilbo­d og friidretts­bane.

 ??  ??
 ??  ?? VIKTIGASTE: Åmdalsverk Daglegvare­r er den viktigaste samlingsst­aden i bygda.
VIKTIGASTE: Åmdalsverk Daglegvare­r er den viktigaste samlingsst­aden i bygda.
 ??  ?? KAFFIKROKE­N: Terje Stava (f.v.), Stein Otto Byggstøyl, Per Pedersen, Åse Solli, Asbjørn Rinden, Knut Urbø og Harry Frantzen i kaffikroke­n på Åmdals Verk.
KAFFIKROKE­N: Terje Stava (f.v.), Stein Otto Byggstøyl, Per Pedersen, Åse Solli, Asbjørn Rinden, Knut Urbø og Harry Frantzen i kaffikroke­n på Åmdals Verk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway