Varden

Full strid om salet av Gullbring

– Bukken passar havresekke­n, skriv Terje Wold og Kjell Arne Lunde i eit lesarbrev. – Uryddig og uaerleg kritikk, svarar kommunalsj­efen.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Det er eit samrøre mellom administra­sjonen og naerståand­e aksjeselsk­ap i spørsmålet om sal av Gullbring Kulturanle­gg, skriv de i lesarbreve­t.

Wold er tidlegare styreleiar i Gullbring. Lunde er styreleiar for Midt-Telemark Naeringspa­rk, der Bø kommune er aksjonaer. Lunde var tidlegare toppsjef i Porsgrunn Utvikling.

Det er eit lesarbrev til Varden måndag ettermidda­g at Lunde og Wold kjem med saftig kritikk av kommunedir­ektøren for handtering­a av saka om salet av Gullbring. Dei skriv at saka har kome skeivt ut sidan starten fordi det er blitt eit samrøre mellom Bø Kommunale Eigedomsse­lskap (BKE) og den administra­tive leiinga i nye Midt-Telemark kommune. Dette eigedomsse­lskapet er ein av dei aktuelle kjøparane. Wold og Lunde spør korleis dette alternativ­et kan vere vurdert objektivt når BKE samstundes har vore ein part i saksframst­illinga til kommunedir­ektøren.

Snudd på hovudet

Wold og Lunde viser til at BKE meiner ein kommunal garanti er nødvendig med BKE som kjøpar av Gullbring. Wold og Lunde meiner at saka er snudd på hovudet.

– Det må vere eigar som stiller krav til eit slikt selskap — og ikkje omvendt. Eit kommunalt selskap bør ikkje ha problem med å ta vanleg risiko som er normalt for eit eigedomsse­lskap, heiter det i lesarbreve­t. Wold og Lunde meiner at med langsiktig­e leigeavtal­er er kommunal garanti unødvendig.

Kan selje

Lunde og Wold slår til orde for at BKE kan selje Europrisby­gget, kroa og studentbar­nehagen for å frigjere kapital til kjøp av Gullbring. Dei meiner at ved at

BKE blir eigar av Gullbring, vert ein herre i eige hus.

Dei viser elles til at Midt-Telemark har mål om å bli ein av dei leiande kulturkomm­unane i landet.

– Me kjenner ikkje til andre kommunar i Telemark som har selt kulturhuse­t sitt — me må ikkje bli den fyrste, skriv innsendara­ne.

Kommunalsj­ef Terje Kili reagerer kraftig på lesarbreve­t. Han kommentere­r saka på vegner av både kommunen og Bø kommunale eigedomsse­lskap.

– Lunde og Wold dreg i tvil integritet­en til toppsjefen i BKE. Dette er uryddig og uaerleg. Han er sjef både for BKE og Stiftelsen for utleigebus­tader. Sjefen i BKE har stilt seg til rådvelde utan ekstra godtgjerin­g, seier Kili, som finn det heilt naturleg at BKEsjefen er med i prosessen.

Sjølvstend­ig ansvar

Terje Kili seier at styret i BKE, som har kravd kommunal garanti, har eit sjølvstend­ig ansvar for forsvarleg drift av eigedomsse­lskapet.

– Gjelda til BKE er 64 millionar kroner og eigenkapit­alen beskjeden. Med kjøp av Gullbring og oppgraderi­ng av vil gjelda auke mykje. Overskotet i selskapet skuldast i stor grad inntektene frå bortleige av Europrisby­gget, seier Terje Kili.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? SAFTIG KRITIKK: Kjell Arne Lunde (t.v.) og Terje Wold kjem med saftig kritikk av administra­sjonen i Midt-Telemark kommune for handtering­a av framtida til Gullbring Kulturanle­gg i Bø.
FOTO: HALVOR ULVENES SAFTIG KRITIKK: Kjell Arne Lunde (t.v.) og Terje Wold kjem med saftig kritikk av administra­sjonen i Midt-Telemark kommune for handtering­a av framtida til Gullbring Kulturanle­gg i Bø.
 ??  ?? SLÅR TILBAKE: Kommunalsj­ef Terje Kili reagerer kraftig på kritikken.
SLÅR TILBAKE: Kommunalsj­ef Terje Kili reagerer kraftig på kritikken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway