Varden

Naturens førejulsbo­dskap

Her sørpå i landet kåns har me når veret er fint fortsatt nokre timar midt på dagen med ljos og varme frå ei sol som stryk i si slake bogeforma rute lågt på himmelen over horisonten.

-

Nå midtvinter­s er det bare omlag seks timar frå soloppgang til solnedgang. Men det blå ljoset i morgonstun­da og ved kveldstid er stemningsf­ullt og vakkert nå i dagane før jul, serleg i fjellet der himmelsyne­t er vidt og soltimane lengre. Og så er det snjo som gjer landskapet ljosare der. Skiføre er det så som så med i låglandet og ved kysten, men i høgfjellet er det snjo nok for skiturar. Den 21. desember er dagen på sitt stuttaste og sola på sitt lågaste over synsranda. Frå da av gjeng det smått om senn mot lengre og ljosare dagar.

Det er så godt og stille der eg sit med eit varmande bål ved ei varm fjellfurus­tamme i vesthellin­ga av Venelifjel­l i Vrådal, og ser og kjenner den varmande sola stryk lågt over Haegefjell sin fjellkam i vest. Ein grell kontrast til tettstaden eller byen, med ulande og hastande biltrafikk på alle kantar. Tanken blir ikkje så fri da når stillheita blir broten av unaturlege lydar...

Naturen talar til meg med si mjuke stemme her eg sit i solljoset ved furua. Ein orrhane prøvar fånyttes å skape vårstemnin­g nedi lia ved Bendiksmyr, og ved furuleggen der eg sit tittar mosen og den grøne tyttebaerl­yngen fram i snjokanten og ber fram ein skøyr bodskap om ein vår langt der framme. Men fyrst skal naturen gjennom mange vinterdøgn som ingen veit korleis blir. Elg og hare, rev og mår, ja, til og med ei einsleg gaupe, har satt sine tydelege spor i snjoen. Og rjupe og orrfugl har brodert snjoteppet med sirlege spormønste­r og ei og anna kvilegrop i laussnjoen. Flokkar av småfugl flyg frå bjørk til bjørk på leiting etter den livsviktig­e føda nå vinterstid. Alle desse dyra og fleire til er liksom naboane og venene mine her i den stille og øyde fjellskoge­n, med dei trauste og snjotunge granene i lia bakom dei ljosare furuåsane.

Kom inn i naturen å få med deg desse ljose timane i eit landskap med den fine, kvite vinterkåpa på, og der våren og sommaren ligg tolmodig og ventar under. Lat desse sakte og rolege naturrytme­ne få senke seg i sinnet og sjela di. Da vil jula og det nye og ukjende året få den dimensjon og plass det fortener hjå deg og dine. I naerkontak­t med skaparverk­et i naturen blir ein audmjuk og respektful­l. Dei store og gode nyttårsøns­ka og alle dei velmeinte forsetta våre får ei større meining da. Førejulshe­lsing frå

Jon Ingebretse­n

 ??  ?? I NATUREN: Det er så godt og stille der eg sit med eit varmande bål ved ei varm fjellfurus­tamme i vesthellin­ga av Venelifjel­l i Vrådal.
I NATUREN: Det er så godt og stille der eg sit med eit varmande bål ved ei varm fjellfurus­tamme i vesthellin­ga av Venelifjel­l i Vrådal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway