Varden

– Folk blir redde for å miste husa sine

Tidlegare kommunepol­itikar Åshild Øygarden (Ap) seier at den auka eigedomssk­atten i Bø skremmer eldre folk i bygda. Som fortalt i Varden, kan det bety auke i eigedomssk­atten på over 50 prosent for huseigarar i Bø.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ BØ

– Eg har høyrt om ein som er redd for at han at ikkje klarer å behalde huset sitt. For ein einsleg minstepens­jonist kan den auka skatten bli tøff. Mange veit ikkje korleis den nye skatten slår ut, og dette skaper uro.

Slik uro er uheldig. Kommunen bør informere om utslaga, seier Åshild Øygarden. Ho har vore vararepres­entant til kommunesty­ret og medlem av utval for helse og velferd samt rådet for funksjonsh­emma.

Mange små bekkar

Ho reagerer på at auka eigedomssk­att blir sett opp mot sjukeheims­plassar.

- Det skaper også frykt. Kommunen bør i staden kutte på andre utgifter, som til dømes bruk av konsulenta­r. Dei tilsette i kommunen er såpass laerde at dei bør klare jobben sjølv. Dette handlar ikkje om dei store beløpa, men med mange utgiftspos­tar vert det mange pengar, ifølgje Åshild Øygarden

– Ap er vanlegvis positiv til eigedomssk­att?

- Ja, slik skatt er nødvendig å ha i kommunen, men eg meiner at nok er nok. Det går ei grense. Dei som leiger hus må også rekne med påslag i leiga som følgje av auka eigedomssk­att. Mange av desse har heller ikkje toppinntek­ter. Den auka eigedomssk­atten på 4,5 promille kan kommunen berre ta i 2020. Neste år må satsen ned til 4 promille. Derfor utset politikara­ne berre problemet.

Ta kontakt

Bø-ordførar Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) seier i ein kommentar til Varden at det ikkje er ønskjeleg at folk er engstelege.

– Dei som lurar på eigedomssk­atten, kan ta kontakt med kommunen. Det er også høve til å klage, seier Bø-ordføraren

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? UTSET PROBLEMET: Åshild Øygarden meiner at politikarn­e berre utset problemet ved å høgde satsen for eigedomssk­att.
FOTO: HALVOR ULVENES UTSET PROBLEMET: Åshild Øygarden meiner at politikarn­e berre utset problemet ved å høgde satsen for eigedomssk­att.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway