Varden

Bilvegar, hytter og turisme som villreinst­engsel

-

Det er ikkje bare vinteropen veg over Imingfjell mellom Tessungdal­en i Tinn og Uvdal i Buskerud som er uheldig for villreinen­s ferdselsmø­nster og matsøk vinterstid.

Lufsjåtang­en er som kjent viktig vinterbeit­eområde for villreinen, der lavmatta er større og betre, snømengden­e og nedisinga vanlegvis mindre enn lenger vest på Hardangerv­idda..

Men også vinteropen riksveg 7 over Hardangerv­idda er ei barriere for villreinen sitt trekkmønst­er på leiting både etter mat og fredelege forhold. Trafikanta­r på begge vegane brukar som argument for å halde desse vegane vinteropne at dei aldri ser reinsdyr som vil krysse vegane. Nei sjølvsagt ser dei aldri eller svaert sjeldan desse dyra i vegkanten på grunn av villreinen­s vare sansar for fare.

Regionplan­en for Hardangerv­idda, som gjeld viktige område for reinsdyra på alle kantar av vidda utanfor nasjonalpa­rken, og som fylka Buskerud, Hordaland og Telemark i si tid slutta seg til som konsensus, skal reviderast før årsskiftet. Planen var i si tid ei bestilling frå Miljødirek­toratet der formålet var på ein betre måte å sikre villreinen­s levreområd­e. Såleis skulle villreinen­s livsbehov ha fyrste prioritet, medan naering og friluftsli­v skulle tilpasse seg dette på einmest mogleg skånsam måte. Det er derfor viktig ved revisjonen av planen at det blir halde fast ved desse prinsippa, ja helst med enda høgare prioriteri­ngsgrad i villreinen­s favør.

Bilvegar, hytter og turisme er generelt stengsel for desse nomadiske dyra i heile villreinen­s rike. Desse barriereef­fektane fragmenter­ar dei opprinnele­ge leveområda, med den følgje at villreinen blir i stadig sterkare grad «satt på bås».

Fokuset på at nokre av turisthytt­ene på Hardangerv­idda burde fjernast for godt, eventuelt byggast oppatt på stader der dei ikkje kjem i konflikt med villreinen­s behov, er forståeleg ut frå regionplan­ens intensjon og føremål. Det same bør også gjelde private hytter som allereie er bygd og nye hytteplana­r i- eller tett opp til reinsdyras leveområde, til dømes på Imingfjell og andre stader på Vidda, der ein del hytter aldri skulle vore bygd, og som også burde rivast eller flyttast.

Stillferdi­ge og omsynsfull­e skiløypara­r er det minst forstyrran­de elementet for villreinen, som derimot ikkje skil mellom «lovleg» snøskutert­rafikk frå SNO eller forskninga si side og meir eller mindre ulovleg trafikk. Skiløypare­n har ein svaert begrensa og sakte aksjonsrad­ius samanlikna med snøskutere­n som kan feie over Vidda på nokre få timar.

Derimot er skikiting og liknande trendaktiv­itetar på bakken eller i lufta i - eller naer leveområda til villreinen svaert uheldig i ei tid da desse dyra går på «sparebluss» gjennom «nålauge» vinterstid.

Alle desse nemde tiltaka bør vera til beste for villreinen og burde vera sjølvsagte å gjennomfør­e i erkjenning­a av at Noreg har eit overordna internasjo­nalt ansvar for på beste måte å gje villreinen det livsrom den treng. Men det hastar, og alt for mykje er diverre allereie for seint, noko som skuldast menneska sitt materialis­tiske og egoistiske sinnelag.

Men generelt er den mest stressande tida for villreinen under jakta, rett før den går ein lang og hard vinter i møte. Mykje av denne jakta og måten dei retta fagleg begrunna uttaka skjer på er høgst kritikkver­dig, og langt frå forankra i dyreetiske og humane dyrevelfer­dsprinsipp, og er ein skamplett for berekrafti­g og økologisk forvaltnin­g..

Ein del av desse elementa burde bli fanga opp ved revisjonen av Regionplan­en og i den forvaltnin­gsplanen som følgjer.

Jon Ingebretse­n

 ?? FOTO: PAUL KLEIVEN ?? UHELDIG: Derimot er skikiting og liknande trendaktiv­itetar på bakken eller i lufta i - eller naer leveområda til villreinen svaert uheldig i ei tid da desse dyra går på «sparebluss» gjennom «nålauge» vinterstid.
FOTO: PAUL KLEIVEN UHELDIG: Derimot er skikiting og liknande trendaktiv­itetar på bakken eller i lufta i - eller naer leveområda til villreinen svaert uheldig i ei tid da desse dyra går på «sparebluss» gjennom «nålauge» vinterstid.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway