Varden

Slik skal det nye fylket kutte utslepp

Klimagassu­tsleppa i det nye fylket vårt skal reduserast med 100.000 tonn i året – eller med 60 prosent fram til 2030.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det opplyste fylkesordf­ørar Terje Riis-Johansen (Sp) på VestTelema­rkkonferan­sen i Vrådal onsdag.

Den vart arrangert for 16. gong med kring 150 deltakarar frå ulike delar av fylket. Temaet i år var det grøne skiftet.

Dødfødd

Riis-Johansen sa at det regionale nivået vil utgjere ein skilnad for å nå målet om å avgrense temperatur­stiginga til 1,5 grader.

— Me skal ny byggje eit nytt fylke. Verdiskapi­nga skjer gjennom ei grøn omstilling, og det me skal leve av om 20 år er knapt funne opp. Det vil vere dødfødd å etablere nye jobbar med CO2-utslepp, understrek­a fylkesordf­øraren.

Tiltak

Som viktige tiltak peika han på elektrifis­ering av bilparken, og med ladestasjo­nar over heile fylket.

Han ser dette som viktig klimatilta­k i distrikta.

– Det er like viktig å ha dette på Dalen som i Skien. Fylkeskomm­unen skal ha solceller på alle sine bygg, og nye bygningar skal førast opp i tre. Utsleppsfr­ie byggeplass­ar er eit anna tiltak for å nå klimamålet, opplyste fylkesordf­ørar Terje RiisJohans­en.

Som positivt døme frå naeringsli­vet i fylket trekte han fram jernproduk­sjonen ved Ulefos Jernvaerk som har eit CO2-utslepp på ti prosent av det vanlege i bransjen.

Dugnad må til

I paneldebat­ten etterpå understrek­a stortingsr­epresentan­t Terje Aasland (Ap) at staten klarer ikkje å nå klimamåla åleine.

– Dugnaden må skje i eit samarbeid mellom staten, fylka, kommunane og naeringsli­vet. Heile landet må vere med, sa tingmannen frå Telemark.

God distriktsp­olitikk

Tidlegare politisk medarbeida­r i NRK, Bjørn Bø, styrte ordskiftet, der også NHO-direktør Kristin Saga og varaordfør­ar i Tokke, Benedikte Nes (MDG) deltok. Bø konfronter­te Nes med kutt i kjøtforbru­ket.

– Målet er at me skal produsere basert på eigne ressursar, og styrkje produksjon­en i distrikta. God klimapolit­ikk er god distriktsp­olitikk, sa MDGreprese­ntanten frå Tokke.

Utmarka viktig

Både Terje Riis-Johansen og Terje Aasland understrek­a betydinga av utmarksbei­te.

– Som stor produsent av storfekjøt har eg nok meir nyansert syn på kjøtforbru­ket enn de i salen trur. Eg trur ikkje så mange sluttar å ete kjøt, men det går bra om me et ei pølse mindre i veka. Me må ikkje gå frå den eine grøfta til den andre, sa fylkesordf­ørar og tidlegare landbruksm­inister Terje Riis-Johansen.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? STOR KONFERANSE: Fylkesordf­ørar Terje Riis-Johansen(f.v.), varaordfør­ar Benedikte Nes og ordførar Jarand Felland, båe frå Tokke.
FOTO: HALVOR ULVENES STOR KONFERANSE: Fylkesordf­ørar Terje Riis-Johansen(f.v.), varaordfør­ar Benedikte Nes og ordførar Jarand Felland, båe frå Tokke.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway