Varden

Spørsmåla til ordføraren

- Olav Kåsa Kivle

Eg takkar ordføraren for svar på spørsmåla eg stilte for litt sidan, men eg savnar ei betre detaljerin­g på nokre punkt og eg har nokre merknader.

Ledning til det nye vassverket: Eg synest at at ledningen burde vorte utbetra midtsumars, når det ikkje var gytetid på gang. Vi får håpe at ledningen ikkje ryk i mellomtida. Telefon til kommunehus­et: Eg synest det tok lang tid før kommunen kunne rette opp dette med telefon.

Kloakk- løysing for industriom­rådet på Århus: Her stussar eg over svaret til ordføraren og eg ynskjer ei forklaring på: Ordføraren skriv at utsleppslø­yve vil koma når anlegget er ferdig prosjekter­t, og då lurar eg på korleis ein kan inngå kontrakt på eit reinseanle­gg når ein ikkje kjenner krava i utsleppslø­yvet, og når det ikkje er prosjekter­t.

Ordføraren skriv at det er inngjenge kontrakt med Telemark Tecnologie­s AS for eit minirensea­nlegg, og då ynskjer eg svar på om dette anlegget er kjøpt inn etter lov om offentlege anskaffels­ar. Eg kan ikkje sjå at anlegget har vore ute på tilbod. Ordføraren skriv at det er vurdert ulike løysingar, men ettersom det allereie er kjøpt inn eit reinseanle­gg er mykje låst fast. Er det vurdert å legge ledning frå Seljord til Århus for både vatn og kloakk, og då i samband med bygging av GS-veg langs E-134? Er dei årlege driftskost­nader for dei ulike alternativ­a teke med i bereikning­ane?

Er det godkjent vassverk for Århus som dekker krava til mattilsyne­t? Det er opplyst at nytt opplegg for vatn og kloakk er kostnadsbe­reikna til 4 millionar, kor mykje kostar då reinseanle­gget?Det virkar lågt om det skal dekke vassverk, reinseanle­gg og ledningsne­tt.

Seljord kommunes omdøme: Det er bra at ordføraren er fornøgd med eigne etater og at ordføraren meinar at kommunen tek godt i mot innbyggera­r og nye som ynskjer å flytte hit. Men eg trur ikkje at innbyggera­ne er like nøgde. Kommunen må gange ut til innbyggera­r, bedrifter og naeringsli­vet i Seljord for å teste ut kor nøgde dei er med kommunen og servicen, då eg er viss på at ordføraren ville få ei anna oppleving.

Eg skal ikkje trekke fram mange eksempel, men eg må nesten minne om korleis administra­sjonen handtera saka med utfylling av tomta til Telemark bilruter. Denne saka syner til fulle at det ikkje er smidighet i organisasj­onen for å finne gode løysingar. Heldigvis tok politikera­ne grep og fekk ein utgang på saka, men det blir riper i lakken av dette. Sweco har opplyst at fleire nytilsette i Seljord vel å etablere seg i Bø i staden for i Seljord – dette er ikkje bra. Kommunen må lytte til folket og rette seg etter dei signal som kjem fram, fyrst då kan ein sette inn grep for å bli betre.

Eg ber om svar frå ordføraren i telemarksa­visene.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway