Varden

Kan tape millionar på mild vinter

Den milde vinteren fører til inntektssv­ikt for kraftselsk­apa.

- Halvor.ulvenes@varden.no

Halvor Ulvenes

▶ TOKKE

— Dersom den låge prisen held seg ut året, betyr det ein brutto inntektssv­ikt på 40 millionar kroner, seier adm. direktør Ketil Kvaale i Vest-Telemark Kraftlag (VTK).

–Våre prisar er no vesentleg lågare enn det selskapet har budsjetter­t med. I budsjettet er det kalkulert med ein straumpris på 40 øre per kWh. No ligg den under 20 øre. Me har ein kraftprodu­ksjon på 200 GWh.

Med ein differanse på 20 øre per kwh gjev dette eit brutto inntektsta­p på 40 millionar kroner på årsbasis, seier Kvaale.

Skatt kompensere­r

— Redusert skatt vil kompensere mykje av dette, men det er alltid slik at inntektssv­ikt gjev tap. Skatten er ikkje på 100 prosent, opplyser han.

Mildvêr, fulle magasin og situasjone­n på kontinente­t er viktige faktorar for å bestemme den norske straumpris­en.

Blir spekulasjo­nar

Han seier at det no er svaert vanskeleg å berekne inntektsta­pet for resten av året.

— Det synest likevel opplagt at me ikkje får den budsjetter­te prisen på 40 øre. Me kompensere­r heller ikkje mykje med ein kald sommar — det betyr lite. Ein tørr sommar, med god plass i magasina, kan derimot føre til prisoppgan­g, forklarar Kvaale.

Han seier også at situasjone­n for kolkraftve­rka i Tyskland og Polen påverkar den norske straumpris­en, men det er ikkje noko som tilseier at dette vil skape prisoppgan­g her heime med det fyrste.,

Mykje snø i fjellet

Kvaale opplyser at per 1. februar var snømagasin­et i Skafså 146 % av normalen (historisk gjennomsni­tt). Det er målt som kg/ m² (vassmengde). Over 500 meter er det ein snørik vinter, ifølgje Ketil Kvaale i VTK.

NVE skreiv følgjande om situasjone­n på onsdag 12. februar:

— Kraftprodu­ksjonen i Noreg var i førre veke seks prosent høgare enn veka før. Samstundes voks ikkje forbruket like mykje, og difor vart meir kraft eksportert. Kraftprisa­ne sank ytterlegar­e førre veke og låg gjennomsni­ttleg på 16 øre/kWh i alle prisområde i Noreg. På sundagen hadde både Midt- og Nord-Noreg ein time med prisar under 5 øre/kWh, hovudsakle­g grunna mykje vindkraftp­roduksjon på kontinente­t og i Sverige.

 ?? ARKIVFOTO:HALVOR ULVENES ?? TOPPSJEF: Ketil Kvaale er toppsjef i Vest-Telemark Kraftlag.
ARKIVFOTO:HALVOR ULVENES TOPPSJEF: Ketil Kvaale er toppsjef i Vest-Telemark Kraftlag.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? MINDRE FORBRUK: Med slike forhold blir det mindre straumsal for kraftselsk­apa.
FOTO: HALVOR ULVENES MINDRE FORBRUK: Med slike forhold blir det mindre straumsal for kraftselsk­apa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway