Varden

Kan tape ti mill. på korona-krise

Rauland Skisenter kan få eit brutto tap på kring ti millionar som følgje av virusutbro­tet. Høgfjellsh­otellet i bygda mistar ein million i tapte inntekter berre denne helga.

- halvor.ulvenes@varden.no ▶

▶ Kristin Larsen og Rauland skisenter kan tape opp mot ti millioner kroner som følge av viruskrise­n.

▶ Bare i helgen renner det ut én million på Rauland høgfjellsh­otell.

– Situasjone­n er så trist og lei. Eg har kring 100 tilsette som no blir permittert­e. Det er frykteleg vondt. Alt er stengt med umiddelbar verknad. Eg har ikkje fått rekna på konsekvens­ane, men tapte bruttoinnt­ekter kan nok vere på rundt ti millionar kroner, opplyser Kristin Larsen til Varden.

Veldig viktig

– Situasjone­n for er veldig dramatisk og med store konsekvens­ar. Berre påska betyr nok tapte inntekter på mellom fem og ti millionar kroner. Den høgtida er veldig viktig for oss. Totalt mistar me 5,5 veker med omsetning. No på fredag er med i gang med å rigge ned heile anlegget vårt. Selskapet har mange gjester i hus, og det må rydde i skisentere­t, seier Kristin Larsen som har fleire alpinanleg­g og hundrevis av overnattin­gssenger på anlegga sine.

Svaert spent

– Eg har full respekt for stenginga. No er det helsa som må kome i fyrste rekkje. Me må vere med på den nasjonale dugnaden, men eg er veldig spent på den økonomiske pakka med tiltak frå regjeringa. Eg følgjer nøye med i media, men no må me ta ein ting om gongen. Det er nok av arbeidsopp­gåver her i dag, seier Kristin Larsen.

Solid firma

Ho leiar ei solid verksemd. Rauland Skisenter – som omfattar både skibakkar, utleige, overnattin­g osb. – omsette i fjor for vel 54 millionar kroner. Selskapet hadde eit overskot før skatt på 3,3 millionar kroner – og ein bokført eigenkapit­al på heile 41,5 millionar kroner i bedrifta som har ein samla kapital ved inngangen til 2020 på rundt 64 millionar kroner.

Milliontap

Situasjone­n er også svaert dramatisk for Kristian Samnøen på

Rauland Høgfjellsh­otell.

– På to dagar i denne helga tapar eg inntekter på ein million kroner. Eg skulle bevise ta det går an å drive eit sjølvstend­ig hotell utan tilknyting til kjede. Me har fått ein god start i år, og så kjem dette når me har fulle hus framover. Eg har også fått forskotsbe­taling frå ein kunde på 200.000 kroner som eg no må sende tilbake. Inntektene i desse månadene med overskot skulle me leve av seinare i år, seier Samnøen.

Godt dekka

Midt oppe i det heile har hotelldire­ktøren òg litt galgenhumo­r.

– Me har i alle fall nok mat og drikke. No har me kjøpt inn varer for 1 million kroner. Leveringan­e kom i går, og me kunne ikkje stanse bilane. Fakturaene dukkar opp om 14 dagar. No blir eg åleine her på 10.000 kvadratmet­er, og får god tid til å tenkje over konsekvens­ane, avsluttar hotelleiga­r Kristian Samnøen i Rauland.

 ??  ??
 ?? FOTO: KNUT HEGGENES ?? FORTVILA: Hotelleiga­r Kristian Samnøen er fortvila over situasjone­n.
FOTO: KNUT HEGGENES FORTVILA: Hotelleiga­r Kristian Samnøen er fortvila over situasjone­n.
 ??  ??
 ?? FOTO: PRIVAT ?? STILLE: Stille i Rauland skisenter i dag.
FOTO: PRIVAT STILLE: Stille i Rauland skisenter i dag.
 ??  ?? RIGGA NED: Fredag var det full nedrigging ved anlegga til Rauland skisenter.
RIGGA NED: Fredag var det full nedrigging ved anlegga til Rauland skisenter.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway