Varden

TOME HYTTER - MED LOJSET PÅ

-

▶ Uteljoset lyser rundt om på folketome hytter. Kvifor sløkte ein ikkje all den energisløs­inga når ein var der sist, da ein likevel ikkje skal vera på hytta på lange og ubestemte tider. Ingen treng ljos der nå. Det treng vel ikkje vera som i byen og tettstaden­e at ljos og ljosreklam­e står på døgnet rundt, og der det fortsatt er nokre folk som er ute og luftar seg. På bygda har ein dessutan den vakre stjernehim­melen å sjå til, og av og til fullmånen.

I hyttekommu­nane har lege- og helsestell­et nok med å sikre sine

eigne menneske mot smitte og yte nødvendig helsehjelp, om ein ikkje på toppen av det også må vera i beredskap for folk frå andre kommunar. Dette må sjølvsagt hyttefolke­t respektere, ved eventuelt å nytte desse tenestene der skattepeng­ane deira renn inn.

Ein sparer mykje arbeid ved at hyttevegan­e ikkje treng brøytast eller vedlikehal­dast, og at skiløyper og alpinbakka­r ikkje treng å bli preparerte. Minussida er sjølvsagt at det ikkje blir arbeid og pengar til dei som til vanleg utfører denne jobben. I tillegg mistar ein hyttefolke­t som gode kundar i naerbutikk­en. Men forresten, kva skal ein eigentleg med oppkøyrde skiløyper nå med det fantastisk­e skiføret og snøforhold­a ein har utanom preparerte løyper. For det er lov til å ta seg ein skitur i naerområde­t, om ein ikkje er smitta eller i karantene. Turtips for heile Telemark finn du m.a. i den nye turboka, «På tur i Telemark – frå Jomfruland til Gaustatopp­en», som snart er i salg.

I påskefjell­et og ved kysten blir det truleg stille og fredleg i år, med naturens eigne vårlege vakre lydar, i staden for skrik og skrål, beinbrot og andre skader. God og trygg tur i naerområde­t på ski eller til fots!

Jon Ingebretse­n

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway