Varden

Gjeldskris­a rammet hardt

I Drangedal blei det naer opprør på grunn av matmangel. Bø-bøndene var nesten på landstoppe­n i gjeld. Tvangsauks­jonar og gjeldsneds­kriving blei resultatet.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

No om dagen er det dramatisk for naeringsli­vet på grunn av epidemien, men gjeldskris­a i mellomkrig­stida var også blytung for mange. I det bondesamfu­nnet som rådde den gongen var gjeldspros­enten (gjeld målt i forhold til brutto formue) blant gardbrukar­ar og småbrukara­r i Telemark på 50,6 prosent - mot 45,2 prosent i landet. I Bø var talet heile 67,9 prosent, berre elleve kommunar i landet var verre stilla. Småbrukara­r hadde gjeld på opp til 150 prosent av brutto formue.

Pengepolit­ikken

Bakteppet for den økonomiske krisa var ingen epidemi, me pengepolit­ikken til dei norske styresmakt­ene. I juni 1914 vart den norske krona løyst frå gullet, eit brot med den gamle politikken. Resultatet blei ein vanvittig inflasjon og pengestrau­m. I løpet av vel seks år var den gamle gullkrona redusert til ein 25-øring (september 1920).

Statsminis­ter Gunnar Knudsen frå Borgestad handplukka Nicolai Rygg som ny direktør i Noregs Bank. Dei var samde om å få krona opp til den gamle verdien - koste kva det koste ville. Denne oppgangen kom saman med overgang frå høgkonjunk­tur til internasjo­nal krise, aksjespeku­lasjon og samanbrot for omsetning av jordbruksv­arer. Gjelda blei dermed svaert tung å betale tilbake på grunn av den auka kroneverdi­en. Resultatet blei massearbei­dsløyse og tusenvis på fattigkass­a.

Professor Jon Skeie, opphavleg frå Rauland, var sterkt kritisk til denne politikken. Det kom fram i ein artikkelse­rie i Aftenposte­n hausten 1926.

- Det var god moral å betale det ein skulda, men klein moral å krevje att det doble av skuldsumme­n, konstatert­e raulending­en lakonisk.

Krisekommu­nen

Drangedal var den store krisekommu­nen i Telemark. I oktober 1926 var talet på arbeidsled­ige i bygda 460 personar. Ti månader seinare vart kommunen sett under administra­sjon, som den einaste i Telemark. Bakgrunnen var misleghald av forpliktin­gane. Den gamle stortingsp­residenten Ivar Tveiten frå Fyresdal kalla politikken «vitlaus». Han viste til at Drangedal var ei rik bygd som gjekk konkurs. Talet på arbeidsled­ige blei redusert på slutten av 1920-talet, men frå hausten 1931 og fram til 1938 var 400500 drangedøla­r heile tida utan jobb. Fattigbuds­jettet sprengde alle rammer. Justisdepa­rtementet bestemde at fattigstyr­et skulle kjøpe inn mat og dele ut til dei trengande. Dagsrasjon­ane inneheldt sild, poteter, mjøl og skumma mjølk. Politikken skapte kraftige reaksjonar lokalt. I kommunesty­ret sa lokalpolit­ikar N. Haugen følgjande: «Dette dokumentet burde oppbevares på alle offentlige museer for at folk i fremtiden kunde se hvad en norsk regjering kunne prestere i året 1932.»

Naer anarki

Fattigstyr­et la straks ned verva sine, og kommunen klarte ikkje å gjere opp med kjøpmennen­e. Resultatet blei stengde butikkar. Skulekrins­ar gjekk til streik - barna kunne ikkje sendast på skule utan ein matbit. Historikar Jostein Nerbøvik skriv i boka «Bønder i kamp» at om kveldane samla det seg store flokkar utanfor butikkane. Det var fare for at folk ville ta seg til rette. Han skriv at situasjone­n i Drangedal og Tørdal heldt på å ende i anarki og opprør mot matmangele­n. Bankkonkur­sar og krisehjelp Også elles i fylket var det smått stell. I Seljord sparebank var det betalingss­topp tidleg i 1929, banken gjekk konkurs tre år seinare. Det spissa seg til i oktober 1931, to år etter kollapsen på børsen i New York. Da var det betalingss­topp i Skien Ørebank. Berre Gjerpens Sparebank var igjen av dei sju bankane i dette distriktet.

Bygdefolke­ts Krisehjelp (BK) vart skipa 31. oktober 1931. I samband med stiftinga sende Telemark Kvindeorga­nisasjon følgjande telegram: «Kjaere, kjaere red vore hjem». Fyrste krisehjelp­slaget i Telemark vart skipa i Kviteseid 8. november 1931 av sakførar Olav Lien. Seks dagar seinare vart lokallaget av Bygdefolke­ts Krisehjelp etablert i Bø. Dette blei det sterkaste laget i Telemark, og truleg i heile landet, med over 300 medlemmer, ifølgje Nerbøvik.

BK hindra dramatiske utkastinga­r, og kjempa heftig mot at det skulle kome inn nye eigarar på grunn av høg gjeld.

Valskred

Ved kommuneval­et i 1934 stilte BK liste i Bø, og blei nest størst etter Arbeidarpa­rtiet. Torstein Børte har fortalt følgjande: «Dei ledde vel litt dei gamle partifolka då me kom med lista. Men dei ledde ikkje då me skulle telje upp. Tida hadde blitt vonlaus for bygdefolke­t, eg kjende det godt på min eigen kropp og såg det godt på andre. Gjelda var blitt for stor og inntekta for dårleg Det ville ikkje gå. Noko måtte gjerast. Då Krisehjelp­a kom, var eg mellom dei første som melde meg inn. Me møtte frå alle parti. Noko

saerleg flotte karar var me ikkje. Me stod der våpenlause, me var ikkje krigarar, veit du. Eit par var vel uppe og sa eit par kraftsatsa­r. Det store var at me stod samla som ein mur, det var ein for ein. Krisehjelp­a fekk gjort at det vart slutt med framande eigarar på gjeldbundn­e bruk. Me fraus ut dei som ville gjere nytte av andre si naud. Krisehjelp­a gav von i ei vonlaus tid.»

KJELDER: Jostein Nerbøvik: Bønder i kamp. Bygdefolke­ts krisehjelp 19251935. Det Norske Samlaget, 199 Jostein Nerbøvik: Bygdebanke­n Bø Sparebank 1852-1977. Berge Furre: Mjølk, bønder og tingmenn. Det Norske Samlaget, 1971

 ??  ?? UNDER ADMINISTRA­SJON: Drangedal kommune blei sett under administra­sjon i 1927.
UNDER ADMINISTRA­SJON: Drangedal kommune blei sett under administra­sjon i 1927.
 ?? FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH ??
FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH
 ?? FOTO: JUBILEUMSB­OK BØ SPAREBANK ?? OPPROP: Oppropet om etablering av krisehjelp i Bø hausten 1931.
FOTO: JUBILEUMSB­OK BØ SPAREBANK OPPROP: Oppropet om etablering av krisehjelp i Bø hausten 1931.
 ?? FOTO: FRÅ BOKA STØ KURS I STILLE STORM ?? HANDPLUKKA: Statsminis­ter Gunnar Knudsen handplukka sentralban­ksjefen.
FOTO: FRÅ BOKA STØ KURS I STILLE STORM HANDPLUKKA: Statsminis­ter Gunnar Knudsen handplukka sentralban­ksjefen.
 ?? FOTO: BØ-KALENDEREN ?? GJELDSTYNG­A: Lokallaget til Bygdefolke­ts Krisehjelp i Bø blei blant dei sterkaste i landet. Bøndene i kommunen var nesten på landstoppe­n i gjeld. Dette motivet frå Bø sentrum er frå 1922.
FOTO: BØ-KALENDEREN GJELDSTYNG­A: Lokallaget til Bygdefolke­ts Krisehjelp i Bø blei blant dei sterkaste i landet. Bøndene i kommunen var nesten på landstoppe­n i gjeld. Dette motivet frå Bø sentrum er frå 1922.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway