Varden

Det brutale slaget i Bø

Statspolit­iet med 55 mann kom utstyrt med køller og revolverar for å drive bøndene frå gard og grunn. På Eika i Bø, der det hadde møtt opp naermare 800 demonstran­tar, blei utkastinga stoppa.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Samanstøyt­en mellom bønder og statspolit­i på Ekrune i Nesherad og Eika i Bø våren 1933 var som eit Menstad-slag lenger inn i Telemark, og gav gjenlyd over det ganske land, skriv historikar Jostein Nerbøvik i boka «Bønder i kamp».

Bank i trøbbel

Litt av historia bak her er Gvarv Privatbank som vart skipa i 1918 med ein aksjekapit­al på 220.000 kroner. Banken dreiv godt, og var i fleire år den største skattytare­n i Sauherad. Gjennom vinteren og våren 1932 blei uttaka større enn innskota, og finansinst­itusjonen hamna i alvorleg trøbbel. Banksjef Hans Torbjørnse­n Prestholt uttala til Varden at Bygdefolke­ts Krisehjelp (BK) hadde gjort sitt til at banken kom i alvorleg trøbbel.

Hardt mot hardt

På Vestigard Eika i Bø sat Ketil Eika, ein av dei fremste aktivistan­e i krisehjelp­a med kring 100 mål dyrka innmark og 800 dekar skog. Han hadde slite tungt økonomiske i dei krevjande åra. I 1926 kjøpte kona Åste, fødd Gjernes, garden tilbake for 65.000 kroner. Våren 1932 byrja det igjen å rakne - Hypotekban­ken forlanga tvangsauks­jon for sitt krav. For å redde sitt tilgodehav­ande kjøpte Gvarv Privatbank eigedomen tilbake. Den 11. juni fekk Åste Eika brev om utkasting. Den vart tidfesta til 9. september 1932, men blei utsett til neste vår, naermare bestemt i mai 1933.

På timen

Privatbank­en vart formelt oppløyst laurdag 30. juli 1932, men dei som styrde avviklinga banksjef Prestholt og sakførar Ketil Skogen - skulle drive inn det som var mogleg. Derfor blei det ein brutal aksjon mot småbrukare­n Jon A. Stoa på Ekrune i Nesherad (Sauherad). Han hadde kjøpt dette bruket under høgkonjunk­turen for 15.000 kroner. Stoa betalte ned 5.000 kroner, og var punktleg med avdraga på obligasjon­en på 10.000 kroner. Da bankstyret innstilte drifta, kravde dei restsummen innbetalt på timen. Dette var sjølvsagt ikkje mogleg, og det blei lyst ut tvangsauks­jon. Det blei privat mekling. Stoa skrapa saman 7.000 kroner, men banken forlanga heile summen. Utkastinga skulle skje 7. april 1933, men distriktsl­ege Blom Bakke la ned forbod mot utkasting fordi eit par av barna var sjuke. Jon Stoa sjølv var ikkje heime for han jobba på jernbanen i Kristiansa­nd.

Barna gret

Vel ein månad seinare var det ingen nåde. Banken slo til, med hjelp av Statspolit­iet som kom med 55 tenestefol­k til småbruket. Varden skriv dagen etter i eit stort oppslag at kring 300 demonstran­tar møtte opp. Mesteparte­n var frå Sauherad og Bø, men saka engasjerte, slik at det òg kom om lag 60 personar frå Gjerpen, Solum, Skien og Holla.

Utkastinga skulle skje klokka 10, men det drog ut. Klokka 12.30 kom den talrike styrken frå Statspolti­et, med statspolit­isjef Askvig og statspolit­ifullmekti­g Jonas Lie i spissen. Varden skreiv at det var full utrusting med stålhjelma­r, køller og revolverar. Ein del tilreisand­e kommunista­r skar seg kjeppar i skogen, men da mana leiar av Nes Krisehjelp, Ingebret Storkaas, til ro. Han sa: «Når vi demonstrer­er la det skje på en rolig og verdig måte».

Ingen nåde

Likevel var det piping og tilrop mot statspolit­iet og utkastinga, men banken viste ingen nåde, sjølv om det var sjuke barn i familien. Namsretten kom med avgjerda klokka 13.15. Jon Stoa og hans familie måtte ut. Eit kvarter seinare byrja jobben med å tømme huset. Kona og og dei gråtande barna gjekk bort i eldhuset. Leigetakar­ane i andre høgda fekk bli. Lensmann Halvor Bunkholt sa sidan at dette var den verste forretning­a han måtte utføre.

Etter skjema

Statspolit­iet reiste rundt klokka 14.30, med Eika i Bø som neste stoppestad. Journalist Olav Kvaalen kom fram til Eika før politifolk­a. Under aksjonen hadde avisa vår to journalist­ar der. Jonas Solheim rapportert­e frå tingingane inne medan Kvaalen følgde med på det som skjedde ute på tunet. Da Prestholt og Skogen kom klokka 16 ropte demonstran­tane: « Elsk din neste du kristensje­l. Og igjen : Til Skogen med Skogen.»

Sjuke Sibylla

Også på denne garden var det sjuke barn, deriblant den 17 år gamle dottera Sibylla som var operert for blindtarmb­etennelse. Broren Olav hadde tuberkulos­e. Sjukdomen gjorde at fylkeslege Moe kort tid før hadde konkludert med at utkasting ville verke opprivande og burde unngåast. Løpet såg ut til å vere køyrt, men inne i stova sat retten, styrt av lensmann Ingebret Darrud. Ved 17-tida om ettermidda­gen melde lensmannen at det ikkje blei noko av utkastinga, og avgjerda blei møtt med jubel av dei 700800 demonstran­tane. Det vart inngått eit forlik som gjekk ut på at Ketil Eika fekk leige eigedomen for 350 kroner i eitt år.

Som sikkerheit for leiga fekk banken transport i mjølkeleve­ransen. Dyrlege Fjalestad, som gjekk kraftig ut mot aksjonen til Statspolit­iet, stilte garanti saman med Olav Lien frå Krisehjelp­a.

Blei redda

Dramaet i Folkestadg­renda i Bø, ikkje langt frå Bø Sommarland, enda godt. Odelsgarde­n blei i slekta. I dag er det Rune Eika, oldebarn av Åste og Ketil Eika, som driv eigedomen. Garden er restaurert. For nokre år sidan fekk han og familien restaureri­ngsprisen i Bø for den flotte oppgraderi­nga av våningshus­et frå 1836.

KJELDER: Jostein Nerbøvik: Bønder i kamp. Bygdefolke­ts Krisehjelp 1925-33. Det Norske Samlaget, 1991 Varden september 1932 og aprilmai 1933 Bø-soga, band IV

 ??  ??
 ??  ?? BLEI REDDA: Bilete av garden Vestigard Eika i Bø der familien vart truga med utkasting under gjeldskris­a i 1933. Til Ketil Eika. Namnet på dei seks barna er Anne, Olav, Halvor, Ingebjørg, Ketil og Hans. Sibylla og Tora var ikkje fødde den gonge
BLEI REDDA: Bilete av garden Vestigard Eika i Bø der familien vart truga med utkasting under gjeldskris­a i 1933. Til Ketil Eika. Namnet på dei seks barna er Anne, Olav, Halvor, Ingebjørg, Ketil og Hans. Sibylla og Tora var ikkje fødde den gonge
 ?? FOTO: LÅNT UT AV HELGE OG RUNE EIKA ?? venstre for ungane står Hjalmar og Hege Meinstad. Hjalmar Meinstad var gardsguten der. Til høgre eigarane Åste og
FOTO: LÅNT UT AV HELGE OG RUNE EIKA venstre for ungane står Hjalmar og Hege Meinstad. Hjalmar Meinstad var gardsguten der. Til høgre eigarane Åste og
 ?? FOTO: LÅNT UT AV HELGE OG RUNE EIKA ?? LÅG SJUK: Sibylla Eika var 17 år og alvorleg sjuk da dramaet fann stad.
FOTO: LÅNT UT AV HELGE OG RUNE EIKA LÅG SJUK: Sibylla Eika var 17 år og alvorleg sjuk da dramaet fann stad.
 ?? FOTO: ARKIV ?? FOLKSAMT: Folksamt under utkastinga på Ekrune i 1933. Dette er frå oppslaget i Varden.
FOTO: ARKIV FOLKSAMT: Folksamt under utkastinga på Ekrune i 1933. Dette er frå oppslaget i Varden.
 ?? FOTO: LÅNT UT AV HELGE OG RUNE EIKA ?? STASLEG: Staseleg bygning på Vestigard Eika. Motivet er frå 1870-åra.
FOTO: LÅNT UT AV HELGE OG RUNE EIKA STASLEG: Staseleg bygning på Vestigard Eika. Motivet er frå 1870-åra.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway