Varden

Millionar til krisebedri­fter

Vinje formannska­p tilrår å bruke fem millionar kroner på ei krisepakke for naeringsli­vet.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Rådmannen får fullmakt til å løyve inntil 150.000 kroner. Beløp ut over dette krev politisk handsaming. Midlane er tiltenkt bedrifter i krise som ikkje får hjelp nokon annan stad.

Pengane skal hentast frå naeringsfo­ndet, men før utbetaling må kommunesty­ret handsame saka.

Dramatisk auke

I formannska­pet torsdag kom det fram at arbeidsløy­sa har auka dramatisk. Kommunen låg på botnen i fylket med 0,7 -1 prosent ledige. No er 12,5 prosent av styrken – eller 253 personar – utan jobb i Vinje, ifølgje siste oversikta.

Livsverk på spel

– Heile livsverk står på spel, sa naeringssj­ef Knut Martin Edland under handsaming­a. Naeringsfo­ndet i kommunen er på 12,5 millionar kroner. Kommunen droppar bygging av brannstasj­on, og får dermed også ein ny reserve på ytterlegar­e tolv millionar kroner

Nils Ole Lien (Sp) sa at kommunen har kome i ein vanvitig situasjon.

– No må me vise handlekraf­t. Det kjem ei tid etter dette, og me må hindre at fleire bedrifter går «på dunken». Kommunen må hjelpe dei som ikkje blir fanga opp sentralt, sa han.

Ane Killingtve­it, også Sp, spurde om fem millionar kroner ikkje er i minste laget. Ho viste til at det er forskjell på bedrifter, og at reiselivet treng større beløp.

Ein start

Naeringssj­efen svara at fem millionar kroner er ein start, men langt frå nok.

– Eg håpar dei sentrale pakkene er så gode at me slepp å løyve meir, men heller kan bruke tida på å rettleie bedriftene i statlege ordningar, sa Knut Martin Edland.

Andre tiltak

I møtet kom det også fram at som kan det mellom anna bli aktuelt å forsere prosjekt for å få opp aktivitete­n. Fornying av heisanlegg i både Vågslid og Rauland var andre tiltak som blei nemnd for å skape meir fart i hyttekommu­nen.

 ?? ARKIVFOTO ?? SJEFAR: Rådmann Jan Myrekrok (t.v.) og ordførar Jon Rikard Kleven.
ARKIVFOTO SJEFAR: Rådmann Jan Myrekrok (t.v.) og ordførar Jon Rikard Kleven.
 ?? ARKIVFOTO ?? I FARE: - Heile livsverk står på spel, sa naeringssj­ef Knut Martin Edland i formannska­pet torsdag.
ARKIVFOTO I FARE: - Heile livsverk står på spel, sa naeringssj­ef Knut Martin Edland i formannska­pet torsdag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway