Varden

Slutt på eigne karantener­eglar

Midt-Telemark kommune droppar eigne reglar om karantene framover. Det avgjorde formannska­pet i eit ekstraordi­naert møte onsdag ettermidda­g.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no * MIDT-TELEMARK

Møtet vart halde elektronis­k på grunn av smittefare­n.

Ikkje forlenga

Hastevedta­ket til kommuneove­rlege Kristin Sekse om eigne karantener­eglar for innreise frå nokre fylke gjekk ut onsdag. Dersom vedtaket skulle blitt vidareført, måtte formannska­pet forlenge avgjerda.

Kommuneove­rlegen sa i si orienterin­g til formannska­pet at ho ikkje lenger såg behovet for å ha slike karantener­eglar. Sekse meiner at ein må sjå på effekten kontra dei samfunnsme­ssige skadeverkn­adene.

Ikkje fagleg grunnlag

– Det er ikkje medisinsk fagleg grunnlag for å føre forskrifta vidare. Tiltaket skal ikkje vere urimeleg. Mi vurdering er at tiltaket har hatt ei viss effekt, men no er behovet mykje mindre enn for to veker sidan, sa kommuneove­rlegen. Ho fekk brei støtte av medlemmene i formannska­pet. Ingemar Bråten (H) sa at dette er ei veldig rett vurdering. Steinar Saeland (V) var samd i dette, og uttrykte skepsis til å ha reglar i strid med nasjonale retningsli­ner.

Ris bak spegelen

I møtet kom det også fram at innbyggjar­ane har oppført seg fornuftig i den situasjone­n. Dersom dette skulle endre seg, vil forskrifta kunne bli innført på nytt.

Formannska­pet ber derfor om fullmakt frå kommunesty­ret til å gjennomfør­e nødvendige hastevedta­k. Truleg blir dette avklart ved at kommunesty­ret får mail om saka, og fattar vedtak i såkalla skriftleg fjernmøte.

 ?? FOTO: ANDREAS SOLTVEDT ?? KLAR TALE: Kristin Sekse finn det ikkje nødvendig å vidareføre karantener­eglane.
FOTO: ANDREAS SOLTVEDT KLAR TALE: Kristin Sekse finn det ikkje nødvendig å vidareføre karantener­eglane.
 ??  ?? POPULAERT TURMÅL: Lifjell er eit populaert turmål for mange.
POPULAERT TURMÅL: Lifjell er eit populaert turmål for mange.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway