Varden

Bent opnar pengesekke­n

-

HONNØR:Bent

Midt-Telemark formannska­p gav onsdag samrøystes fullmakt til å bruke av kapitalen på 15 millionar kroner i det som vert kalla Midt-Telemark Fondet.

Hentar tilbake

Kommunane Midt-Telemark og Nome ytte tidlegare eit lån på 15 millionar kroner til MidtTelema­rk Energi. På grunn av krisa som følgje av pandemien er det no behov for å hente desse pengane tilbake til fondet for å støtte lokale verksemder.

– Vedtaket er avhengig av godkjennin­g i kommunesty­ra i Nome og Midt-Telemark, men det ser eg på som ein rein formalitet, seier Bent Gurholt til Varden.

Ulike krav

I det elektronis­ke formannska­psmøtet i Midt-Telemark kommune onsdag opplyste Gurholt at det skal ytast maks 50.000 kroner i støtte til kvar bedrift. Eit vilkår er at selskapet som får støtte må vere ramma av krisa og vurderast som levedyktig i minst eitt år framover.

Gurholt opplyser at i neste runde kan det også bli aktuelt å yte seks millionar kroner i lån frå fondet til bedrifter som treng ekstra finansieri­ng.

– Eit slikt tilbod treng politisk godkjennin­g, seier Bent Gurholt. Han rosar politikara­ne som opnar for slike bidrag til bedriftene.

Bryr seg

Formannska­psmedlem Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) gav på si side honnør til MTNU som no opnar pengesekke­n.

– Dette er rette verktøyet for oss, og viser at me bryr oss om naeringsli­vet, sa den tidlegare ordføraren i Bø. Både Ingemar Bråten (H) og varaordfør­ar Ingebjørg Nordbø (MDG) var òg mellom dei som synest denne støtteordn­inga er fornuftig.

 ?? FOTO: ARKIV ?? Gurholt gjev honnør til politikarn­e i Midt-Telemark
FOTO: ARKIV Gurholt gjev honnør til politikarn­e i Midt-Telemark
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? FORNUFTIG: - Fornuftig tiltak, sa Ingebjørg Nordbø frå MDG.
FOTO: HALVOR ULVENES FORNUFTIG: - Fornuftig tiltak, sa Ingebjørg Nordbø frå MDG.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway