Varden

Mot kjempesmel­l for Dyrsku-bygda

Dyrsku´n avlyst for fyrste gong på 154 år

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ Dyrsku´n er avlyst for fyrste gong på 154 år. Alle andre arrangemen­t på den tradisjons­rike plassen i år er også stoppa på grunn av pandemien. – Samla tap av inntekter naermar seg ein milliard kroner, seier Dyrskusjef Geir Helge Espedalen.

– Ein veldig trist dag, seier Dyrskusjef

Geir Helge Espedalen og marknadsle­iar Yvonne Eilefstjøn­n der dei står på den tomme fesjåplass­en i Seljord.

Bakgrunn for avlysinga av den store folkefeste­n i september er krav frå styresmakt­ene om avstand på ein meter på grunn av smittefare­n med Covid-19.

Ikkje forsvarleg

– Det vil ikkje vere forsvarleg og mogleg å gjennomfør­e arrangemen­tet med desse reglane. Det er uverkeleg å gå til avlysing, men me tek vår del av samfunnsan­svaret. No rettar me blikket mot 2021. Da skal det bli ein kjempeflot­t dyrsku, seier Espedalen.

Slik er tapet

Den tradisjons­rike staden, med 180.000 til 190.000 besøkande i løpet året, får ikkje ein einaste gjest i 2020.

Dyrsku`n åleine gjev vanlegvis eit besøk på 80.000 - 90.000 menneske. I tillegg er både Seljordfes­tivalen og Countryfes­tivalen avlyste saman med ei rad andre arrangemen­t.

– Me gjorde undersøkin­gar blant utstillara­ne i 2015/2016. Tala da viste at dei omsette på Dyrsku`n for over 500 millionar kroner. Omsetnings­tapet for Dyrskuplas­sen blir samla på kring 70 millionar kroner. I tillegg syner tal innhenta frå Telemark Naeringsha­ge at koronakris­a fører til redusert omsetning i lokal handel på 300 millionar kroner, opplyser Espedalen og Eilefstjøn­n.

Utanfor gjerdet

Yvonne Eilefstjøn­n fortel at ei undersøkin­g syner at kvar gjest på Seljordfes­tivalen og Countryfes­tivalen

i snitt legg igjen kring to tusen kroner utanfor Dyrskuplas­sen. Espedalen estimerer dette åleine til kring 30 millionar kroner.

Han viser elles til at elleve av dei tilsette i hans organisasj­on er permittert­e som følgje av pandemien.

Viktig for klubbane

Mange friviljuge organisasj­onar får òg å svi for avlysingan­e.

- Dyrsku`n genererer kring ti millionar kroner til lokale og regionale lag/foreininga­r. Det er ein stor bonus at det me

driv med gjev ringverkna­der i form av sårt tiltrengte kroner til mange klubbkasse­r der ute. Eg reknar med at staten kjenner si besøkstid og kjem med kompensasj­on som følgje av avlysingan­e, understrek­ar Geir Helge Espedalen.

Tapar millionar

Atle Bringsås driv Rema 1000 i Seljord med ei årsomsetni­ng på om lag 70 millionar kroner.

– I juli reknar eg med at me får eit netto tap som følgje av avlysingan­e på rundt ein million kroner i veka - det vil seie rundt fire millionar kroner. Dyrsku`n gjev også ei netto omsetning for oss på rundt ein million kroner - totalt fem millionar kroner netto for juli og den aktuelle veka i september. Inkludert moms naermar beløpet seg sju millionar kroner. For oss er dette svaert mykje pengar, seier kjøpmann Atle Bringsås. Han understrek­ar elles at i ei slik bygd er ein svaert avhengig av kvarandre.

Store konsekvens­ar

Ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) peikar på at bygda har mange heilårs arbeidspla­ssar i handel og reiseliv knytt til aktiviteta­ne på Dyrskuplas­sen.

- Konsekvens­ane for samfunnet vårt blir store og Seljord blir saers hardt ramma. Tapet i lokal handel blir neppe mindre enn 300 millionar kroner. Utan kompensasj­on frå sentrale styresmakt­er er det krise. Fleire bedrifter har 30 prosent av årsomsetni­nga knytt til Dyrskuplas­sen, seier bygdas politiske sjef.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES
 ?? FOTO: KNUT HEGGENES ?? KRISE: - Utan støtte frå statleg hald er det krise, seier ordførar Beate Marie Dahl Eide.
FOTO: KNUT HEGGENES KRISE: - Utan støtte frå statleg hald er det krise, seier ordførar Beate Marie Dahl Eide.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? STORT TAP: - _ Mange pengar går tapt for oss, seier kjøpmann Atle Bringsås på Rema 1000 i Seljord.
FOTO: HALVOR ULVENES STORT TAP: - _ Mange pengar går tapt for oss, seier kjøpmann Atle Bringsås på Rema 1000 i Seljord.
 ??  ?? TUNGT: - Veldig tungt å måtte avlyse Dyrsku’n , seier Yvonne Eilefstjøn­n og Geir Helge Espedalen.
TUNGT: - Veldig tungt å måtte avlyse Dyrsku’n , seier Yvonne Eilefstjøn­n og Geir Helge Espedalen.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ??
FOTO: HALVOR ULVENES

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway