Varden

Auka inntektene, men gjekk i minus

Bø blad, som har den nye kommunen i midtfylket som nedslagsfe­lt, gjekk på ein ny økonomisk smell i 2019. Avisa har tapt over ein halv million kroner i løpet av dei to siste åra.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det går fram av årsrapport­en som no er offentleg. Selskapet har generalfor­samling torsdag 11. juni.

Auka inntektene

Ifølgje årsreknesk­apen auka inntektene med 7,4 prosent i fjor, til 7,4 millionar kroner. Driftskost­nadene steig med tre prosent. Selskapet fekk eit underskot på 124.000 kroner før skatt. Det inneber ei betring frå 2018 da tapet var på 416.000 kroner. I løpet av dei to siste driftsåra har såleis avisa fått eit samla underskot på vel 540.000 kroner.

Dette betyr at eigenkapit­alen har krympa. Den utgjer no naer 1,1 millionar kroner, eller i overkant av 30 prosent. Selskapet har ei samla gjeld på 2,5 millionar kroner.

Ikkje fornøgd

Avisa blei etablert i 1986 av tidlegare stortingsr­epresentan­t Arne Kielland som fyrst represente­rte Ap og sidan SV. Han var redaktør fram til han døydde brått i juli 2003.

I dag er Hilde Eika Nesje dagleg leiar og redaktør av avisa.

– Me er ikkje fornøgd med resultatet som skuldast investerin­gar og auka utgifter, men kostnadene er under kontroll.

Folk trur det er gratis å lage nettavis, men det er det jo ikkje, seier redaktøren som ikkje legg skjul på at pandemien råkar lokale medium hardt.

Glad for nettsatsin­g

– Trafikken på nett?

– Me har bra besøk. Under koronoakri­sa var det knallbra trafikk, så eg er glad for at me har etablert nettavis.

– Kva med Kanalen som Bø blad eig?

– Den går greitt, med eit lite overskot, avsluttar redaktør og dagleg leiar Hilde Eika Nesje i Bø blad.

Rekneskaps­førar Jan Lepperød og hans familie er største aksjonaer i Bø blad. Aksjeposte­n på 27,7 prosent er kontroller­t gjennom Lepperød Invest AS.

Glenn Isaksen, dagleg leiar på Vinmonopol­et og ein profilert Ap-politikar i regionen, har vel 15 prosent. Tidlegare Bø kommune står oppført ned 12, 1 prosent medan Sparebanke­n Din eig 9,7 prosent av aksjane. Eivind Eckbo er styreleiar i avisa.

 ?? FOTO: ARKIVFOTO ?? IKKJE FORNØGD: - Me er ikkje fornøgd med resultatet, seier Hilde Eika Nesje som er dagleg leiar og redaktør i Bø blad.
FOTO: ARKIVFOTO IKKJE FORNØGD: - Me er ikkje fornøgd med resultatet, seier Hilde Eika Nesje som er dagleg leiar og redaktør i Bø blad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway