Varden

Avlysinga av Dyrsku’n gir kraftig smell

-

– Vårt hotell tapar mellom 750.000 og ein million kroner på avlysinga, seier Johan Straand i Vrådal. Det gamle familiehot­ellet Straand hotell, med tradisjona­r frå 1864, ligg 2,7 mil frå Dyrskuplas­sen i Seljord. Straand fortel at vanlegvis har bedrifta hatt vanskar med å skaffe nok senger under folkefeste­n i september. Også i år låg det an til fulle hus.

1.000 personar

– Med dei to hotella våre og leilegheit­ene har me kapasitet til å ta imot 1.000 personar i døgnet. Etter meldinga om at det ikkje blir fesjå rasa avbestilli­ngane inn. For oss vil tapet på at det ikkje blir dyrsku liggje på mellom 750.000 og ein million kroner, fortel Johan Straand,

Større omsetning

Det er mest utstillara­r som leiger seg inn under Dyrsku'n. Straand opplyser at einskilde større maskinfirm­a bestillar svaert mange rom.

– Det blir gjerne også ein del representa­sjon og tilleggsin­ntekter med større omsetning i blant anna i baren. Dyrsku'n gjev inntekter i meir enn dei tre dagane. Folk kjem før arrangemen­tet i samband med montering av stand og fjerning av denne etter arrangemen­tet. Trøysta for oss er at folk reserverer rom for Dyrsku'n neste år, seier Straand.

Ikkje eit øre

– Får den kompensasj­on Dyrsku-tapet?

– Ikkje eitt øre. Me kjem ikkje inn under den ordninga, svarar Johan Straand.

for

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? RASAR INN: - Det rasar inn med avbestilli­ngar etter at det ikkje blir dyrsku, seier Johan Straand.
FOTO: HALVOR ULVENES RASAR INN: - Det rasar inn med avbestilli­ngar etter at det ikkje blir dyrsku, seier Johan Straand.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway