Varden

Håpar på ny sykkelveg

Ny gang- og sykkelveg frå Gvarv til Mannebru kan bli ein realitet. Prislappen er kalkulert til 116 millionar kroner. - Eit svaert viktig prosjekt, seier ordføraren.

- Halvor.ulvenes@varden.no

Halvor Ulvenes

▶ GVARV

Saka er aktuell i samband med revidert nasjonalbu­dsjett som skal handsamast i Stortinget fredag 19. juni.

Svaert viktig

Ordførar i Midt-Telemark kommune, Siri Blichfeldt Dyrland (Sp), seier til Varden at det er svaert viktig med slik g/s-veg for å knyte saman Bø og Gvarv i den nye kommunen.

Dyrland opplyser at ho har sendt epost både til Telemarksb­enken og fylket om traseen. Ordføraren opplyser vidare at regulering­splanen er vedteken i kommunesty­ret.

— Ny gang og sykkelveg er viktig både ut frå trafikktry­ggleik og eit folkehelse­perspektiv, seier ordførar Siri Blichfeldt Dyrland.

Stor trafikk

Statens vegvesen har teljingar også denne denne strekninga. Ved Mannebru var årsdøgntra­fikken i 2018 på 6.102 bilar, vel ti prosent av desse var tunge køyretøy.

Det var størst trafikk i feriemånad­en juli med 7.131 køyretøy. Lågast tal var det i desember med 5.170 passeringa­r, går det fram av denne teljinga.

Har trua

Framstegsp­artiet si stortingsg­ruppe spelar gang- og sykkelvege­n inn som eit krav i tingingane med regjeringa og det reviderte budsjettet.

— Eg har god tru på at dette kan bli vedteke. Strekninga er på rundt fire kilometer. Eit overslag syner at det kan koste i området 116 millionar kroner. Dette beløpet kan endre seg. I denne saka har det vore god dialog med både vår representa­nt i Bø, Bjørn Magne Langkås, og ordførar Siri Blichfeldt Dyrland. Båe to har vore aktive, seier stortingsr­epresentan­t Bård Hoksrud til Varden.

Han viser til at det er gangog sykkelveg frå Mannebru til Bø sentrum, på omtrent halve strekninge­n, og at det er viktig for den nye kommunen å få sykkelveg på heile traseen mellom Bø og Gvarv.

Etter det Varden får opplyst, er det venta at innstillin­ga til revidert budsjett kjem nokre dagar før handsaming­a skjer i Stortinget om vel to veker. Da får ein svaret på om vegprosjek­tet i midtfylket blir realisert.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? PLANAR: Her ved Storkaasa i Midt-Telemark kommune kan det bli ny gang og sykkelveg.
FOTO: HALVOR ULVENES PLANAR: Her ved Storkaasa i Midt-Telemark kommune kan det bli ny gang og sykkelveg.
 ?? ARKIVFOTO: ANNIKEN WATHNE ?? GOD TRU: Bård Hoksrud har god tru på at prosjektet kan bli realisert.
ARKIVFOTO: ANNIKEN WATHNE GOD TRU: Bård Hoksrud har god tru på at prosjektet kan bli realisert.
 ??  ?? VIKTIG: Saka er viktig, seier ordføraer Siri Blichfeldt Dyrland.
VIKTIG: Saka er viktig, seier ordføraer Siri Blichfeldt Dyrland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway