Varden

Frå oljebransj­en til ga

Tone Aanderaa Kiste og Kjetil Kiste er snart klare for å overta den tradisjons­rike gjestegard­en garden Uppigard Natadal i Flatdal.

-

Kjetil arbeider som direktør medan Tone er rådgjevar for utbyggings­prosjekt i Stavanger. Båe to er kjemiingen­iørar. Han er opphavleg frå Siljan medan ho kom til Natadal da ho var åtte år gamal.

– Me trudde alltid at me skulle ende i Telemark. Målet er ikkje å bli veldig rike, seier ekteparet som båe har solide jobbar i oljebransj­en.Paret har samla seg mykje røynsle gjennom jobbane sidan 1990-talet. Blant anna har dei vore i Sør-Korea i til saman 4,5 år, ei tid som baud på mange ugløymeleg­e opplevinga­r.

Frå 2023 skal dei bli eigarar av Uppigard Natadal. Årstalet er valt for da er yngste barnet deira ferdig med vidaregåan­de skule.

Noko nytt

– Bak flyttinga ligg ønsket å gjere noko nytt. Og så er dette ein fantastisk vakker plass. Me kjem til å ta dette litt etter kvart og sjå korleis det går. Kjetil kjem nok til å pendle til Stavanger i starten, skyt Tone inn.

Alt i sommar ønskjer ekteparet å tjuvstarte og prøve seg med turisme, men da med eit litt anna opplegg enn før. På garden har dei 21 rom og 53 senger klare for gjestene. Foreldra til Tone, Mette og Dag Aanderaa, satsa på grupper. Neste generasjon på Uppigard Natadal vil ha både enkeltgjes­ter, par og små grupper på besøk. I dei to vekene i juli i år vil dei vere vertskap for to 5-dagars pakker med natur-profil og eksklusive opplevinga­r.

Segner og brygg

I sommar får gjestene muntre kåseri om gard og tradisjona­r, med lokale segner og eventyr. Dag Aanderaa. magister i litteratur­vitskap, står for dette. Kjetil Kiste er ølbryggar og byr på smaking av mange sortar. Det blir baking i steinom

 ??  ?? VIL HEIM: Tone Aanderaa Kiste og Kjetil Kiste vil flytte heim til Telemark.
VIL HEIM: Tone Aanderaa Kiste og Kjetil Kiste vil flytte heim til Telemark.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway