Varden

NRK-dronninga er klar for ny epoke

Anne Lognvik har hatt det moro på jobb i 40 år. Raulending­en med den kjende røysta seier at ho no er klar for eit nytt kapittel i livet.

- Seljord.

Alle dei fine folka eg møtte er grunnen til at journalist­yrket er så topp, seier 68-åringen. No er ho klar for eit nytt kapittel i livet. Fredag for vel ei veke sidan blei veteranen – som har fått tilnamnet NRK-dronninga – takka av.

Litt flaut

Superlativ­a ved overgangen til pensjonist­livet var svaert mange.

– Det er heilt vilt og eigentleg på grensa til at det er litt flautt, seier hovudperso­nen, som synest det er moro å blir gjort krus på av både kollegaer og andre. Truleg har ho den mest kjende røysta i Telemark etter alle desse åra. Den flotte språkbruke­n har òg gjeve henne solid og fortent heider. I 2011 fekk Anne «Målprisen» av Telemark Mållag. Seks år seinare blei ho tildelt «Kringkasti­ngsprisen» for språkførin­ga i NRK.

Til NRK kom laeraren som vikar da bøheringen Halvor Kleppen blei hyra inn til Nitimen i 1980. Sidan har ho halde seg i statskanal­en. Ho seier at ho alltid har vore nysgjerrig og glad i å skrive. Derfor er det liten tvil om at ho hamna på rett hylle i livet.

– NRK har vore ein kjempegod arbeidspla­ss. Det har vore få kjedelege dagar på jobb. Det fine som journalist er alt frå møte med dronning Sonja til budeia Ragnhild Lia på Gavlesjå. Fotograf Odd Iversen og eg følgde henne med kyrne til seters på Lifjell. Den reportasje­n er ein av dei eg aldri kjem til å gløyme, seier Anne.

Dronninga imponerer

– Eg er ikkje veldig rojal, men dronning Sonja imponerer meg med sine detaljkunn­skapar. Eg represente­rte på eit slottsball for nokre år sidan. Dotter mi, Reidunn, følgde meg med sin eigenarta bunad frå Vest-Telemark. Kommentare­n til Sonja var følgjande: «Den var spesiell», seier Anne frå godstolen heime i villaen på Breidablik­k i Porsgrunn.

Privileger­t

I yrket har ho følt seg privileger­t som har kunna reise rundt, både lokalt og internasjo­nalt.

– Eg har til dømes vore med Knut Buen til Metropolit­an, besøkt den utviste familien frå Rjukan samt ein leir med tiggarar. Ein av reportasja­ne frå seinare tid som eg kjem til å hugse er besøket hjå idrettsutø­varen og bonden Marie Veslestaul i Øyfjell, kvinna som har tru på det ho driv med og ikkje reknar alt i kroner og øre. I Vest-Telemark har eg òg kome til stader der tida liksom har stått stille. Det synest eg er fascineran­de.

 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ??
FOTO: FREDRIK PEDERSEN
 ?? FOTO: FREDRIK PEDERSEN ?? TRIVST: Bygdejenta koser seg i byen.
FOTO: FREDRIK PEDERSEN TRIVST: Bygdejenta koser seg i byen.
 ?? ARKIVFOTO: HALVOR ULVENES ?? DISTRIKTSK­ONTORET: På det daverande distriktsk­ontoret i
ARKIVFOTO: HALVOR ULVENES DISTRIKTSK­ONTORET: På det daverande distriktsk­ontoret i
 ??  ?? seier Anne Lognvik som er blitt pensjonist.
seier Anne Lognvik som er blitt pensjonist.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway