Varden

Fylkesting­et må taka ansvar for villreinom­råder

- Grunneigar og reinsjeger, Haukeli

Fylkesting­et i Vestfold-Telemark skal snart vedtaka rullering av regionplan for Hardangerv­idda. Eivind Tokheim i Odda Venstre har arbeid for eit framlegg om å gjera delar av villreinom­rådet innst i Valldalen i Odda kommune til såkalla stølsdal. Men kategorien villreinom­råde er ikkje eit hinder for stølsdrift.

Skilnaden på stølsdal og villreinom­råde er at det kan byggast fritidshyt­ter i fyrstnemnd­e. Målet med framlegget kan såleis ikkje vera anna enn å opne villreinom­rådet for hyttebyggi­ng. Då regionplan­arbeidet byrja var oppdraget frå Miljøvernd­epartement­et blant anna: «Villreinen skal ha en sentral plass i norsk fjellfauna også i framtida, og det er et nasjonalt mål at villreinen­s leveområde­r skal sikres.».

GPS-merkte simler kalva i Valldalen i 2004, 2005 og 2007. Dei fleste ser nok at det å bygge hytter i kalvingsom­råda er i strid med målet om å sikre villreinom­råda. Snart tjuge år med GPS-merking av simler på vidda har synt at reinen på vidda kvar sommar klumpar seg saman i dei områda av Øvre Telemark i Vinje og Tinn som er minst utbygde med turisthytt­er og turstiar. Dette området utgjer mindre enn tjuge prosent av heile villreinom­rådet.

Konsentras­jonen av dyr er blant dei høgaste for hjortevilt i Europa. Konsekvens­en er stor snyltarbel­asting, utbrot av sjukdom som fotråte, og vedvarande låge slaktevekt­er, 11-15 kg for simlekalva­r. At denne elendige tilstanden har vart i minst tretti år fortel mykje om dei miljøpolit­iske prioriteri­ngane i kongeriket. Den som vil skaffe seg grunnlegga­nde innsikt i situasjone­n for reinen på Hardangerv­idda treng berre å bruke to minutt på eit TV-innslag på NRK Telemark: (https://tv.nrk. no/serie/distriktsn­yheter-fra-vestfold-og-telemark/202001/DKVT980106­20/avspiller).

Då regionplan­arbeidet byrja var det ei viss von om at styresmakt­ene ville gjera noko for å betre tilhøva for reinen. Men så langt har alt planarbeid­et berre resultert i at reinen har tapt areal til eit skisenter på Sysen i Eidfjord og at kalvingsom­rådet i Valldalen kan verta gjort om til hyttefelt.

Miljøvernm­inister Rotevatn frå Venstre har nyleg gått inn for tvangsrivi­ng av ein støl på Dovre fordi den skal vera til hinder for reinstrekk­et der. Når det same partiet stiller seg i spissen for å opne villreinom­rådet på Hardangerv­idda for hyttebyggi­ng, kan me slå fast at det ikkje er viljen til maktbruk som er vonlaust liten. Alt styresmakt­ene treng gjera for å oppfylle den internasjo­nale plikta til å taka vare på villreinen er å regulere ferdsla utanom dei viktigaste og beste beita og slutte med å bygge ned randsona og kalvingsom­råde slik Venstre no vil gjera i Valldalen.

Den 9. juni vedtok Vestland fylkesting å opne villreinom­rådet for hyttebyggi­ng. Villreinen­s framtid på Hardangerv­idda er no avhengig at politikara­ne i Vestfold og Telemark syner same ansvar for livet i høgfjellet som mange private grunneigar­ar her har gjort og let vera å bygge ned villreinom­råda for stuttsikti­g vinnings skuld.

Harald H. Kvaalen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway