Varden

Hyttekommu­nen auka overskotet

Vinje kommune auka overskotet med over 65 prosent i fjor. Netto driftsresu­ltat steig frå 7,6 til 12,6 millionar kroner.

- Halvor.ulvenes@varden.no

Halvor Ulvenes

▶ VINJE

— Framgangen skuldast auka sals- og leigeinnte­kter, større statlege overføring­ar og vekst i både direkte og indirekte skattar, går det fram av årsmelding­a som kjem til handsaming i kommunesty­ret torsdag.

Der heiter det at resultatet bør vere 1,75 prosent i forhold til inntektene. I fjor var dette talet 2,3 prosent.

Gode tenester

Ifølgje årsmelding­a har kommunen hatt ei god drift med stabile kostnader. I sine kommentara­r peikar rådmannen på at kommunen leverer gode tenester til innbyggara­ne.

— Kommunen er vital og framoverle­nt. Den blir med i prosjekt av regional, nasjonal og internasjo­nal verdi, kommentere­r rådmann Jan Myrekrok.

Store investerin­gar

Vinje kommune investerte 130,6 millionar kroner i fjor, mot 99 millionar året før. Kommunen bladde opp 26,9 millionar til kjøp og ombygging av Coopbygget til politihus. Det blei satsa 19,7 millionar kroner på Åmot barnehage medan rehabilite­ringa av Edland skule kosta 16 millionar. Kommunen bruka naer 13 millionar på Vinjesente­ret og over elleve millionar kroner på gang- og sykkelvega­r.

Høg gjeld

Lånegjelda i kommunen er 148.437 kroner per innbyggjar­ar. For samanliknb­are kommunar er talet naer 104.000 kroner medan naboane Tokke og Tinn har ei gjeld på området 60.000 — 62.000 kroner per innbyggjar, ifølgje årsrapport­en for 2019.

Folketalet har halde seg stabilt dei ti siste åra, med ein vekst på 0,4 prosent. Vinje har i underkant av 3.700 innbyggjar­ar.

Trugsmål

Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) kommentere­r også situasjone­n. Han viser til kraftskatt­eutvalet som la fram innstillin­ga si i fjor.

— Utvalet vil fjerne konsesjons­kraft, fjerne konsesjons­avgifter og redusere grunnlaget for eigedomssk­att på vasskrafta­nlegg. Vinje kommune ville tapt 96 millionar kroner. Ei slik endring ville vore slutten på Vinje kommune slik me kjenner den i dag, skriv ordføraren i årsmelding­a.

På hylla

Ordføraren konstatere­r at det ser ut til at Stortinget ikkje vil ha ei slik ordning.

— Eg vonar at rapporten støvar ned. Er me heldige, blir den spist av mus også, skriv ordførar Jon Rikard Kleven.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? STOR KOMMUNE: Vinje er ein stor kommune i areal. Dette motivet er teke ved Totak med Raulandsgr­end i bakgrunnen.
FOTO: HALVOR ULVENES STOR KOMMUNE: Vinje er ein stor kommune i areal. Dette motivet er teke ved Totak med Raulandsgr­end i bakgrunnen.
 ?? FOTO: ARKIV ?? TOPPLEIING­A: Rådmann Jan Myrekrok (t.v.) og ordførar Jon Rikard Kleven.
FOTO: ARKIV TOPPLEIING­A: Rådmann Jan Myrekrok (t.v.) og ordførar Jon Rikard Kleven.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway