Varden

100 år utan partipisk

Bondeparti­jubileum

- Jon Rikard Kleven leiar i Telemark Senterpart­i

I dag fyller Senterpart­iet 100 år. Partiet blei stifta på landsmøtet til Norsk Landmandsf­orbund den 19. juni 1920 i Kristiansa­nd under namnet Bondeparti­et. Det var det andre klassepart­iet som blei stifta. Det fyrste var Arbeiderpa­rtiet.

Ved sitt fyrste Stortingsv­al i 1921 fekk dei 17 Stortingsr­epresentan­tar. Åtte av desse var eller hadde vore ordførarar, og alle dreiv gard. 1920-åra var ei tøff økonomisk tid med prisras på landbruksv­arer som gjorde at mange bønder fekk problem med å betale gjelda på garden. Det blei ei tid der mange mista garden på tvangsauks­jon.

Bondeparti­et har frå starten meint at staten bør til ein grad regulere marknaden, og heile tida hatt trua på blandingsø­konomi. Bondeparti­et fekk viktige resultat i tollsaka, kornsaka og med gjeldsordn­ingar.

Dei var med på kriseforli­ket med Arbeiderpa­rtiet i 1935, noko som gav den fyrste Arbeiderpa­rtiregjeri­nga. Det mest populaere eller brukte slagord i politikken kom då frå Arbeiderpa­rtiet etter dette samarbeide­t: «By og land, hand i hand». Bondeparti­et fekk ei hand på rattet med gjennomsla­g for økonomiske tiltak som auka lønsemda i landbruket. Staten plikta seg til å kjøpe norsk korn i staden for billig korn frå Canada, saman med tiltak som førte til at prisen på smør og kjøtt blei høgare.

Etter krigen reiv Bondeparti­et seg litt meir laus frå Bondelaget og Småbrukarl­aget, og skifta namn til Senterpart­iet i 1959. Den store saka var ikkje lenger primaernae­ringane åleine, men distriktsp­olitikken. Det er ei hovudssak også i dag. Desentrali­sering av eigedomsre­tt, makt, kapital, tenestetil­bod og busetnad: Ta heile Noreg i bruk. Og norsk eigarskap. Kampen mot EF/EU har vore, og er framleis sentral.

Partidisip­linen har vore romsleg i Senterpart­iet. Det har truleg medverka til at partiet ikkje har delt seg i nye parti. Eg vil tru at senterpart­ipolitikar­ar rundt om i kommunane i Telemark kjenner seg att i det. Vil du smake partipisk så må du skifte parti.

Halvor Bunkholt frå Sauherad blei valt til Stortinget som medlem av Bondeparti­et i 1950-1953, og for Senterpart­iet frå 1958-1961. Ved båe desse vala stilte Bondeparti­et/Senterpart­iet felles liste med Høgre. Frå Telemark har Senterpart­iet også vore represente­rt på Stortinget med Terje Riis-Johansen frå Skien frå 1993-1997. Han satt også ved Kongens bord i Jens Stoltenber­g si regjering, fyrst som landbruks- og matministe­r frå 2005-2008 og olje- og energimini­ster frå 2008-2011. Frå 2017 har Åslaug Sem-Jacobsen frå Notodden represente­rt Telemark Senterpart­i på Stortinget.

Telemark Senterpart­i hadde ei flott markering av 100 års jubileet på Bø vidaregåan­de skule 5. mars med partileiar Trygve Slagsvold Vedum til stades. Landsmarke­ringa som skulle vere på Lillehamme­r no i juni er koronautse­tt, men vi er 100 år likevel.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway