Dei fann kjaerleiken på camping
Både Unni og Torbjørn Hegstad mista ektefellane sine i 2015. På campingplassen fann enka og enkemannen kjaerleiken.
Enka og enkemannen blei naboar på campingplassen mellom Bø og Seljord. Det blei søt musikk og no har Unni og Torbjørn Hegstad. vore gift i snart tre år.
Unni frå Larvik har hatt tilhald ved Hegna camping, på grensa mellom Bø og Seljord, i 27 år no.
I april 2016 kom det ein Rjukan-kar, Torbjørn Hegstad, med campingvogn på naboplassen. Det blei søt musikk, og i august 2017 gifta paret seg.
Betalte to kroner
– Barna mine tok over campingvogna mi for to kroner da me blei saman. Da kunne ingen si at eg hadde gjeve den bort, seier Torbjørn med eit stort smil.
– Du fekk ein femmer også, skyt Unni inn.
– Det var bonus, svarar den blide ektemannen.
Dyrkar campinglivet
Unni har arbeidd som frisør medan Torbjørn har vore sjømann, anleggsarbeidar og tilsett i teknisk sektor med vatn og avløp i Bykle kommune i 23 år. No er båe to pensjonistar, og dei dyrkar campinglivet frå vår til haust. I år kom dei opp 22. april, rett etter at hytteforbodet var oppheva.
Dei har ny campingvogn, og har i tillegg bygd inntil ei lita hytte på 16 kvadratmeter. Vanlegvis bur dei på Hegna fram til vêret byrjar å bli litt ufyseleg utpå hausten. Da flyttar dei heim til bustaden deira fem kilometer utanfor Larvik sentrum. – Kva er så fascinerande med campinglivet?
– Me får ei eiga ro her oppe og så kan me fiske i elva, seier det fornøgde paret.
God kontakt
Dei fortel at det sosiale livet er heilt topp på campingplassen.
- Me har god kontakt med naboane her. Me blir som ein stor familie. Om kveldane kan det bli både ein øl og eit måltid saman. På sommaren blir det mykje grillmat. Dette livet må prøvast for det er heilt fantastisk. Hegna er ein kjempefin campingplass, seier paret som ikkje dreg til syden om vintrane.
– Blir det turar rundt om i fylket?
– I fjor viste eg henne Gaustatoppen og Krossobanen. Måtte jo det. På desse turane tek me ikkje alltid den kortaste vegen, seier den tidlegare Rjukanmannen.
Tilfeldig
Unni seier at det var tilfeldig at ho kom til Hegna Camping på 1990-talet.
– Me lånte bubilen til svigerfar og svinga nedom. Om hausten hadde me plassert campingvogn her, seier kvinna som bur med utsikt over sjøen, men flyttar til innlandet om somrane.
– Det er berre velstand, seier ho.
– Dette er eit liv som er veldig bra for meg. Me ser fram til å kome opp hit heile vinteren, avsluttar ektemannen.