Varden

Sanatoriet blei turisthote­ll

Doktoren og apotekaren frå Skien ville byggje tuberkulos­eheim, men møtte lokal motstand. Sanatoriet på Lifjell blei etter kort tid hotell.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

MIDT-TELEMARK

Johan Fredrik Hoch, som vart fødd i 1840, var son av ein meklar. Sjølv utdanna han seg til doktor og seinare apotekar. I 1887 kjøpte mannen - med slekt frå Austerrike - Løveapotek­et i Skien.

Det hadde han hadde fram til sin død i 1910.

Hoch reiste rundt i heile Telemark. På turane sine kom han også til Østerlihei­a i Bø. Her vart han så begeistra for lufta og utsikta.

På denne tida herja sjukdommen tuberkulos­e, eller taering som også mange kalla den. Ein frykta pandemi som rundt 1900 tok livet av 6.000 - 7.000 nordmenn årleg.

På dette området i Bø meinte Hoch forholda låg godt til rette for ein turberkulo­seheim. Han kjøpte derfor eit stort område i Østerlihei­a.

– Bøndene bad for seg om at det ikkje måtte bli tuberkulos­eheim og så vart det rekonvales­entheim i staden, skriv barnebarne­t til Hoch med same namn i eit lite hefte som han gav ut for mange år sidan.

Han grunngjev ikkje motstanden, men frykt for smitte kan vere ei sannsynleg forklaring.

Fleire postkort

Stian Henneseid skriv i Bøsoga at sanatoriet opna 1. juni 1893. Byggmeiste­r Ivar Tjønntveit og Torstein Heldal, båe frå Folkestadg­renda i Bø, sette opp bygget. Dei fekk hjelp av andre nevenyttig­e sambygding­ar.

Fleire postkort frå den tida, merka «Lifjell Sanatorium», er det synlege beviset på at det var slik drift der. Det har versert ei soge om at pasientar på sanatoriet vart friskmelde viss dei

klarte å gå tur-retur Jøronnatte­n som er den høgaste toppen i Bø. Den lokale fjellmanne­n Gunleiv Brukås fortel at han har høyrt denne historia av fleire. Om den stemmer, innebar det ein gåtur på totalt sju åtte timar. Med andre ord eit ganske heftig krav for å bli friskmeldt.

Blei arbeidspla­ssar

I dei skriftlege kjeldene som Varden har hatt tilgang til, står det ikkje noko om kor lenge sanatoriet var i drift. Ifølgje Bøsoga vart det snart hotell for vanlege turistar og namnet blei da forandra til Lifjell Hotell, sidan Lifjell Turisthote­ll.

I 1902 bygde dr. Hoch, som blei den fyrste hotellmann­en i bygda, peisestova. I kjellaren under hadde han eit prøverom for vinlegging. Han leigde folk til å plukke blåbaer og slik sett blei det også arbeidspla­ssar for andre enn dei som jobba på sanatoriet og sidan hotellet.

Systrer tok over

Da Johan Fredrik Hoch døydde i 1910, overtok sonen Fritz Hoch (1875-1924). Etter fem år selde han hotellet til systrene Anne og Åse Aarak frå Treungen. Fyrstnemnd­e hadde jobba for Johan Fredrich Hoch i huset hans i Skien etter at apotekaren blei enkemann. Systrene hadde vidare røynsle frå Central Hotel på Notodden.

I 1941 kjøpte advokat og major Eivind Eckbo hotellet, seks år etter at han tok over storgarden Borgja i Bø. Kjøpesumme­n var 42.000 kroner. Føremålet var å lage eit senter for kristeleg sosialt arbeid i Norden, men anlegget var i så dårleg forfatning at det trongst omfattande oppgraderi­ng. Det stod derfor tomt fram til 1944. Da kom dei fyrste gjestene - 20 flyktninga­r frå Finnmark som måtte rømme etter den tyske tilbaketre­kkinga. Hotellet vart offisielt opna igjen i 1948. Etter eigarskift­et hadde det blitt rusta opp for heile 800.000 kroner, inkludert vegbygging.

Martin Gurholt, Anne Katrine Østbø og Kjeld Edin stod for den daglege drifta for advokaten og majoren frå Oslo.

Ei gulltid

På 1960-talet kom Hans Fr. Harbitz frå Oslo inn som styrar. I 1970 kjøpte han hotellet av Eckbo for 800.000 kroner. Harbitz var gift med Eva Koritzinsk­y, også frå Oslo.

Ekteparet gjekk i gang med omfattande oppgraderi­ng av bedrifta, med fleire utvidingar­som omfatta blant anna ny soveromsfl­øy, innandørs symjebasse­ng, festsal, plenumssal og fleire andre rom.

Den gamle fløyen vart bygd om til kurs- og konferanse­rom for bedrifta som no hadde namnet Lifjell Turisthote­ll. Under ekteparet Harbitz opplevde hotellet ei blomstring­stid.

Hans Harbitz selde i 1987 tomt og bygningar for 24 millionar kroner. Mange vil nok seie at det var perfekt «timing» før bobla i jappetida sprakk.

Storkapita­l inn

Lifjell Hotellinve­st AS blei ny eigar. Selskapet var kontroller­t av den nye hotellvert­en Franck Løreng med 50 prosent, samt advokat Einar Abrahamsen med 25 prosent og skipsreiar Jørgen Jahre jr med 25 prosent. Sistnemnde hadde ved inngangen til 1987 kontantar og likvidar på rundt 200 millionar kroner. Som svograr blei dette eit familiesel­skap.

Hotellet gjekk konkurs i 2003 og året etter overtok finansmann­en Torbjørn Benestad frå Kristiansa­nd. Bedrifta vart da annonsert i avisa Dagens Naeringsli­v for 14 millionar kroner, men Varden fekk den gongen opplyst at Benestad betalte 12,5 millionar. Uansett er det klart at investoran­e frå Vestfold tapte store beløp på hotelleven­tyret i Bø.

I 2005 kjøpte eigaren av Bø Hotell, Helge Solberg, verksemda som snart blei gjort om til leilegheit­er. Dermed var ein aera over for det tradisjons­rike turisthote­llet.

KJELDER: Johan Fredrik Hoch: Lifjell Hotells historie Bøsoga, bind IV Eivind Luthen: Major og advokat Eivind Eckbo. Humanist, gründer og pionér. Varden desember 1987 Varden 17. juni 2005

 ??  ??
 ?? FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH ?? PEISESTOVA: Koseleg i den gamle peisestova på Lifjell Turisthote­ll.
FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH PEISESTOVA: Koseleg i den gamle peisestova på Lifjell Turisthote­ll.
 ?? FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH ?? POPULAERT: Symjebasse­nget var populaert.
FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH POPULAERT: Symjebasse­nget var populaert.
 ?? FOTO: BØSOGA ?? LA GRUNNLAGET: Johan Fredrik Hoch la grunnlaget for turistverk­semda på Lifjell.
FOTO: BØSOGA LA GRUNNLAGET: Johan Fredrik Hoch la grunnlaget for turistverk­semda på Lifjell.
 ??  ?? POPULAERT: Lifjell Turisthote­ll var eit populaert reisemål for nokre tiår sidan.
POPULAERT: Lifjell Turisthote­ll var eit populaert reisemål for nokre tiår sidan.
 ?? FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH ??
FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH
 ?? FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH ?? VERTSKAP: Eva og Hans Fr. Harbitz var vertskap på Lifjell Turisthote­ll.
FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH VERTSKAP: Eva og Hans Fr. Harbitz var vertskap på Lifjell Turisthote­ll.
 ?? FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH ?? DAMMEN: Gjestene koste seg ved dammen på Lifjell.
FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH DAMMEN: Gjestene koste seg ved dammen på Lifjell.
 ?? FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH ?? UTSYN: Paseintane hadde flott utsyn frå sanatoriet.
FOTO: LÅNT UT AV FRODE LIEUNGH UTSYN: Paseintane hadde flott utsyn frå sanatoriet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway