Varden

Ja til meir detaljhand­el i Bø

Kommunesty­ret sa måndag kveld samrøystes ja til meir detaljhand­el utanfor dagens sentrumsgr­ense i Bø. Dette skjedde etter framlegg frå Arvid Hagen (Ap)

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

▶ MIDT-TELEMARK

Biltema fekk samrøystes dispensasj­on frå kommunale planar, og dermed ja til utvide i Bø Handelspar­k på Grivijorde­t. Den ligg utanfor dagens sentrumsgr­ense.

Lenge såg det ut til at kommunesty­ret i Midt-Telemark ville seie nei til ein dispensasj­onssøknad om meir detaljhand­el i parken. Dette blei grunngjeve med at ein må sjå samanheng med behandling av arealplane­n neste år.

Nyttar ikkje

Arvid Hagen (Ap) tala varmt for å gje dispensasj­on frå dei kommunale planane. Han klarte å snu kommunesty­ret.

– Me kan ikkje seie nei til 8090 arbeidspla­ssar, sa Hagen.

Hagen kom seinare i ordskiftet med framlegg om berre å gje Biltema dispensasj­on i denne omgang, og så vurdere heile handelspar­ken i samband med rullering av arealdelen av kommunepla­nen. Kommunesty­ret slutta seg samrøystes til dette.

Ifølgje vedtaket skal kommunedir­ektøren gå i dialog med Fylkesmann­en om vedtaket.

Store sjansar

Framlegget til Hagen kom etter at fleire åtvara mot å seie nei til Biltema.

– Arbeidarpa­rtiet er samla. Kommunesty­ret tek store sjansar, berre ettertida vil vise kor store. Viss kommunen er veldig treig så sit andre med tomter. Dette er ikkje noko trugsmål. Viss den nye kommunepla­nen er rett rundt hjørnet, er det ikkje så mykje å tape, sa Hans Sundsvalen (Ap).

– Bø har tidlegare vore ein jakommune. Handel skaper handel. Store arealkrevj­ande butikkar flyttar vekk frå sentrum. Utviding vil skape vekst og energi i lokalsamfu­nnet. Krava ved utviding av sentrumsgr­ensa er strenge. Butikken må vere på minst 1.500 kvadratmet­er. Det skal ikkje vere kafe. Det treng me ikkje der nede. Daglegvare får heller ikkje kome der, sa Bjørn Magne Langkås (Frp).

Ingemar Bråten (H) viste til analysen som seier at ved å seie nei til meir handel i parken kan Bø bli svekka som handelssen­ter.

Mest skuffa

– Me må ri den dagen me salar. Dette er den mest skuffande saka eg har vore med på i politikken, sa Bråten, før Arvid Hagen kom med framlegget som blei vedteke.

Kommunalsj­ef Vidar Lofthus åtvara også i innlegget sitt at med bom mellom Bø og Seljord kan fort kundar reise til Notodden dersom det ikkje blir utviding av Bø Handelspar­k.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? NYTT FRAMLEGG: Arvid Hagen kom med eit framlegg som heile kommunesty­ret slutta seg til.
FOTO: HALVOR ULVENES NYTT FRAMLEGG: Arvid Hagen kom med eit framlegg som heile kommunesty­ret slutta seg til.
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? VARM TILHENGAR: Ingemar Bråten (H) tala varm for utviding av Bø Handelspar­k.
FOTO: HALVOR ULVENES VARM TILHENGAR: Ingemar Bråten (H) tala varm for utviding av Bø Handelspar­k.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway