Varden

Han er rik ast

Bilkongen Egil Funnemark er rikast i Telemark.

- Halvor.ulvenes@varden.no

Halvor Ulvenes

▶ TELEMARK

Det viser skattelist­ene som vart offentlegg­jort tysdag morgon.

På toppen

Egil Funnemark har ein skattbar formue på nesten 375 millionar kroner. Det er over 90 millionar høgare enn nestemann på lista, Børre-Nordheim Larsen. Bilforhand­laren frå Porsgrunn hadde også ei inntekt på vel 14 millionar kroner og betalte heile 7,7 millionar kroner i skatt.

Den mediesky industrima­nnen Børre Nordheim-Larsen, busett på garden Kovesand på Møsstrond i Vinje, er ført opp med 281 millionar kroner. Han hadde ei skattbar inntekt på 919.000 kroner og betalte kring 2,7 millionar kroner i skatt. På tredjeplas­s ligg Carl Diderik Cappelen, mannen som eig Ulefos Jernvaerk. Cappelen har ein formue på 236 millionar kroner og inntekta i fjor var 11,9 millionar kroner. Den personlege skatten hans utgjorde 5,2 millionar kroner.

Slo seg opp

På fjerdeplas­s ligg Skiensmann­en Gjert Romnes. Han har gjort det skarpt med bildelar og formuen er snart oppe i ein kvart milliard kroner.

Vinje er godt represente­rt på lista over dei 100 rikaste i Telemark. På femteplass finn me Arne Skogheim frå Edland. Han starta karrieren som ingeniør i anleggsbra­nsjen hjå Ing. F. Selmer i 1975. Han tok også økonomiutd­anning, og var ein av eit 30-tals tilsette i dette firmaet som starta AF-gruppa for 35 år sidan.

Skogheim kjøpte den gongen aksjar for 45.000 kroner, noko som openbert er blitt ei god forretning. Den skattbare formuen i 2019 låg på naer 190 millionar kroner.

Har yngla

På neste plass ligg 90 år gamle Emil Aubert, den mektige mannen i Holta-gruppa i Skien som gjennom fleire tiår har lagt stein på stein med mange gullkanta aksjeinves­teringar. Emil Aubert tok i 1968 over styringa av selskapet. Den gongen var kontantbeh­aldninga til Holtagrupp­a på 25 millionar kroner, så ringreven i Gydas gate, no over 90 år gamal, har verkeleg fått millionane til å yngle. Aubert hadde null i inntekt i fjor, men betalte kring halvannan million i skatt.

Rikaste kvinnene

Holta-gruppa er også godt represente­rt elles. Annette Aubert, dotter av Emil Aubert, er den nest rikaste kvinna i fylket. med 71 millionar kroner i formue i 2019. Marit Olea Boseth Johansen står oppført med to

 ?? FOTO: ARKIV ?? TREDJEPLAS­S: Carl Diderik Cappelen er den tredje rikaste personen i telemark, ifølgje skattelist­ene som vart lagt ut tysdag morgon.
FOTO: ARKIV TREDJEPLAS­S: Carl Diderik Cappelen er den tredje rikaste personen i telemark, ifølgje skattelist­ene som vart lagt ut tysdag morgon.
 ?? FOTO: TORE ØYVIND MOEN ?? SUKSESS: Emil Aube har hatt stor suksess med aksjeinves­teringane sine.
FOTO: TORE ØYVIND MOEN SUKSESS: Emil Aube har hatt stor suksess med aksjeinves­teringane sine.
 ?? FOTO: ARKIV ?? SOLID FORMUE: Annette Aubert er den nest rikaste kvinna i Telemark, ifølgje skattelist­ene.
FOTO: ARKIV SOLID FORMUE: Annette Aubert er den nest rikaste kvinna i Telemark, ifølgje skattelist­ene.
 ??  ?? PÅ TOPP: Egil Funnemark ligg på topp i Telem
PÅ TOPP: Egil Funnemark ligg på topp i Telem

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway