Varden

Roy-Jonny sin bubil går til retten

Strid om nyttelast i campingbil er blitt advokatmat. RoyJohnny Skorge tek krangelen til retten.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Det er bladet Motor, gjeve ut av NAF, som omtalar saka med campingbil­eigaren som held til i Bø.

Berre 45 kilo

— Skorge kjøpte bubilen for 650.000 kroner i 2017. Ved kjøpet sa han til seljaren at han trong ein bubil som også kan ta med ein scooter. Sidan det i vognkortet var gjeve opp 565 kilo nyttelast, trudde Skorge at han hadde meir enn nok vektplass. Det skulle vise seg å vere feil. Med fulle tankar, montert utstyr og scooteren veg bubilen 3.450 kilo. Dermed er det berre 45 kilo ledig nyttelast til bagasje, utstyr, mat og tre passasjera­r, heiter det i reportasje­n i Motor.

Vektgrensa for å kunne køyre bubil med vanleg førarkort er 3.500 kilo.

Køyrde ulovleg

— Eg stolte fullt og heilt på seljaren. Det var berre heilt tilfeldig at eg oppdaga at eg hadde så lite nyttelast. Eg trudde det var noko gale med vekta, uttaler Skorge til Motor. Han oppdaga dette fyrst to år etter kjøpet.

— Eg trivst veldig godt i bubilen, men kan nesten ikkje ta med meg noko på tur, seier Skorge vidare. Han brukar ikkje campingbil­en berre på tur, han bur også i den heile året.

Vil ikkje prosedere

Roy-Johnny Skorge seier til Varden at han ikkje vil gje ytterlegar­e kommentara­r før rettssaka startar 6. oktober.

— Eg vil ikkje prosedere i avisspalte­ne, seier Roy-Johnny Skorge.

Han presiserer at det var snakk om motorsykke­l, og ikkje scooter, som nemnd i Motor.

Ikkje noko gale

Advokat Aleksander Rukin, som represente­rer seljaren Caravan & Bil i Bø, seier til Motor at han ikkje ser at det er mangel ved bilen. Han oppmodar elles seljarar av campingbil­ar om å vege desse køyretøya, slik at kunden får korrekt vekt.

Avviser kritikken

Espen Vik, dagleg leiar i Caravan & Bil, opplyser til Varden at det var felles veging av bubilen 10. mai, der båe partane deltok.

— Eigenvekta var 3.038 kilo med førar, 90 prosent på dieseltank­en og 25 prosent vatn, ei gassflaske og ein kabeltromm­el. Dette har Skorge signert på, men byrja å krangle på i ettertid. Lasteevna er da 440 kilo. Det stod plakat på bilen da Skorge kjøpte at den vog 2.930 kilo, og det blei opplyst fleire gonger at det er rein brosjyreve­kt, der alt utstyr og diesel kjem i tillegg. Det nektar han for å ha fått med seg, opplyser Espen Vik i ein epost til Varden.

Ulovleg

Ifølgje oppslaget i Motor er det ulovleg å køyre med for høg vekt. Sjåførar som blir teke med inntil 500 kilo for mykje, må kvitte seg med overlasta på staden.

Er overlasta på meir enn 500 kilo, blir sjåføren meldt til politiet eller må betale gebyr, ifølgje bladet Motor.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? GÅR TIL SAK: Roy-Johnny Skorge går til sak etter kjøpet av campingbil­en.
FOTO: PRIVAT GÅR TIL SAK: Roy-Johnny Skorge går til sak etter kjøpet av campingbil­en.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway