Varden

Ver til besvaer!

-

Nesten heile siste sida til Varden handlar om veret, eit populaert tema i eit langstrakt land med mykje ver. Dagleg tar eg for meg denne verspalta, til glede og irritasjon, og her er litt av det som eg har lyst til å lufte med dei ansvarlege for denne versida.

I dag (16. juli) sto det at Gvarvnes hadde 26.0 grader dagen før, enda meterologe­n sa på radioen at Gvarv hadde over 29 grader. Her har eg ein mistanke om at dei tala som blir presentert ikkje er for i går, men dagen før. Dette har eg merka meg gong etter gong.

Kva er så nes eller li? Truleg er det lokale stadnamn som Nes i Sauherad og Li i Høydalsmo eller Møsstrond, men da må dei skrivast med stor bokstav! Derimot bør Haukeli testfelt og Notodden flyplass ha liten bokstav.

I går var Vaagsli kaldast i fylket, men etter namnelova skal geografisk­e namn skrivast me å, altså Vågsli. I slektsnamn kan sjølvsagt dobbel a brukast.

Til slutt Øysteinnat­ten, 1174 moh, som torsdag 8. juli visstnok hadde mest vind, var kaldast og hadde mest nedbør. Som mangeårig Lifjellvan­drar er eg litt stolt av at denne populaere toppen har blitt ein favoritt for metereolog­ane med sitt ekstremver, men eg trur nok at folk i Tinn undrar seg over at Gaustatopp­en med sine 1883 moh ikkje kan måle seg med Øysteinatt­en i vindstyrke. Telemarks høgaste topp er svartelist­a på denne sida.

Kor mange målestasjo­nar ein kan velje i når ein skal formidle desse verdata, hadde også vore interessan­t å få veta. Det er Metereolog­isk institutt som leverer faktatala som avisene nyttar seg av. Kanskje det er samarbeide­t her som er problemet? Telemarkse­ndinga snakkar kvar dag med ein metereolog. Kvifor ikkje drøfte nokre av desse spørsmåla i morgonsend­inga?

Halvor Gåra, Bø

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway