Varden

Her blir det nye arbeidspla­ssar

Ein heilt ny aktør etablerer seg i bygda.

- Halvor.ulvenes@varden.no MIDT-TELEMARK

*

Hjartdal og Gransherad Sparebank skal om kort tid etablere ny avdeling i Bø.

– Ingen kommentar, seier banksjef Åse Kjersti Øverdal da Varden kontakta finansinst­itusjonen om etablering­a fredag føremiddag.

Opplysning­ar Varden har frå anna hald seier at etablering­a vil skje om kort tid. Banken skal inn i den nybygde Stasjonsgå­rden 33 som ligg i Stasjonsve­gen, berre eit steinkast frå jernbanest­asjonen. Bygget har 18 leilegheit­er og kontor under.

Kor mange?

Det er usikkert kor mange arbeidspla­ssar etablering­a vil føre med seg, men i bransjen trur ein at det kan dreie seg om kring tre tilsette. Svaret på dette kjem seinare.

Banken vil nok også seinare opplyse om bakgrunnen for etablering­a. Den kan ha samanheng med at Sparebanke­n DIN og Drangedal Sparebank frå måndag går ut av Eikaallian­sen. Hjartdal Sparebank er framleis ein del av Eikaallian­sen. Sparebanke­n Din har kring 3.000 forsikring­skundar som er i Eika. Den nye aktøren i Bø kan dermed prøve å plukke ein del av desse som både nye bank- og forsikring­skundar.

Mange kundar

Hjartdal og Gransherad sparebank har kontor i Sauland, Kongsberg og Notodden, før etablering­a i Bø. Ifølgje årsrapport­en for 2020 hadde banken 24 tilsette og ein forvalting­skapital ved inngangen til dette året på kring fire milliardar kroner.

Resultatet før skatt var i fjor 35,6 millionar, og etter skatt i underkant av 30 millionar kroner. Ifølgje årsrapport­en har banken 9.880 privatkund­ar.

Fire bankar

Bø har per i dag tre bankar, Sparebanke­n DIN, Sparebank1 og Sparebanke­n Sør. Tidlegare var også DNB etablert i bygda. Med Hjartdalba­nken som ny aktør blir det igjen fire bankar i bygda.

Adm. banksjef Ben Roger Elvenes i Sparebanke­n DIN er vel kjend med etablering­a til Hjartdal og Gransherad Sparebank.

– Me har tidlegare hatt fire banker i Bø, så noko stor endring blir dette ikkje for oss. Me trur nok den største konkurrans­en i tida framover kjem frå digitale bankar, men her vil me til å skilje oss ut med vår lokaliseri­ng og at me er tilgjengel­ege, seier adm.banksjef Ben Roger Elvenes.

 ?? ??
 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? INN HER: Den nye aktøren skal inn i Stasjonsve­gen 33.
FOTO: HALVOR ULVENES INN HER: Den nye aktøren skal inn i Stasjonsve­gen 33.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway