Varden

Det er nok hytter i Rauland no!

Framlegg til ny kommunedel­plan (KDP) for Rukkemo - Torvetjønn ligg føre. Det blir lagt opp til 600 nye hytter, i tillegg til dei 750 som er godkjende frå før!

- Irja Godal

Saka skal opp i Plan- og miljøutval­et 8.12.21, før den skal ut på høyring. No må politikara­ne taka ansvar for at Rauland skal få vera den flotte bygda den har vore, og ikkje pøse på med fleire hytter og uhandterle­ge mengder folk!

I forkant av reiselivsd­agen for kommunesty­ret 10. mars 21 skreiv 536 personar seg på underskrif­tslista «Nok hytter på Rauland no!» på Facebook. Ca 300 var lokale, resten var utflytta raulending­ar eller hyttefolk. Lista kom i stand seks dagar før reiselivsd­agen, og mange sa i etterkant at dei ikkje rakk å få det med seg, eller at dei ikkje var på Facebook.

På reiselivsd­agen skulle det ikkje gjerast vedtak. Den eine politikare­n etter den andre frå mange parti sa frå talarstole­n at «no er det på tide å setje ein fot i bakken når det gjeld hyttebyggi­ng».

17. juni la kommunesty­ret dei 600 tomtene på is inntil ny KDP ligg føre. Det er altså no!

Hyttetomte­r som er ferdig regulerte og godkjende kan ikkje trekkjast tilbake utan at kommunen kan koma i erstatning­sansvar til grunneigar/utbyggjar (ca 750 tomter i planområde­t).

Hyttetomte­r som ikkje er ferdig regulerte og godkjende innanfor planområde­t, kan politikara­ne stoppe, altså dei 600 tomtene «Framlegg til kommunedel­plan Rukkemo – Torvetjønn – 1. gongs handsaming alternativ 3» legg opp til.

Planen tek ikkje omsyn til alle problema enda 600 nye hytter skaper i Rauland, utanom planområde­t.

Det tek fleire år frå tomtene blir vedtekne, til konsekvens­ane viser seg. Me ser no store konsekvens­ar av alle hyttene som er bygd, i store området utanom hyttefelta. Problemet er nemleg at så store mengder hytter genererer ein irreversib­el masseturis­me. Framlegget til ny KDP tek ingen omsyn til, og har ikkje konsekvens­utgreidd, påverknade­n på områda rundt planområde­t.

1350 nye hytter (ferdig godkjende og eventuelt 600 nye) fører til fleire tusen fleire fotturista­r i villreinom­råda på Brattefjel­l/Vindeggen og Hardangerv­idda, elgjaktter­enget til fleire jaktlag frå Kromvikveg­en til Møsvasstan­gen og ned mot Øyfjell, sauebeitet til bøndene i Fundli, Nesland, Haddland og Rauland og skiløyper og turområde som er fulle av folk no, vil få ytterlegar­e trengsel.

Villreinen er på veg inn på raudlista, og er som kjend svaert var for forstyrrin­gar. Noreg har forplikta seg internasjo­nalt på å taka vare på arten. Trass i tiltak som utmarksopp­syn og radiobjøll­er er det mista mange sauer og lam på beite også i år, og fått dyr skambitne av hundar.

Sentrum er ikkje rigga for så stor trafikk som det er i dag, og infrastruk­turen heng etter mange stader. Det ligg an til store kommunale utgifter framover i utbygging av parkerings­plassar, g/s-vegar, toalett, stiar med mykje meir. I tillegg vil eit helsevesen som alt er pressa dra på seg store kostnader med å serve hyttefolke­t i framtida.

Dei positive verknadene for handelstan­den vil ikkje gå tilbake, hyttene som alt er her vil framleis stå. Det vil heller ikkje bli ein brå slutt på hyttebyggi­nga all den tid 750 tomter er ferdig godkjende i planområde­t, i tillegg til 250 elles i Rauland. Vedlikehal­d av hyttene som er her vil halde lokale handverkar­ar med arbeid etter at hyttebyggi­nga tek slutt.

Det er altså fullt mogeleg, og tungtvegan­de grunnar for, at de politikara­r kan seia nei til dei 600 tomtene det er lagt opp til i framlegget til ny kommunedel­plan for Rukkemo – Torvetjønn. Så blir det spanande å sjå om det er kortvarig gevinst for nokre grunneigar­ar og utbyggjara­r, eller framtida for Rauland som levande bygd som veg tyngst.

 ?? FOTO: KNUT HEGGENES ?? KAN SEIA NEI: Det er altså fullt mogeleg, og tungtvegan­de grunnar for, at de politikara­r kan seia nei til dei 600 tomtene det er lagt opp til, skriv Irja Godal.
FOTO: KNUT HEGGENES KAN SEIA NEI: Det er altså fullt mogeleg, og tungtvegan­de grunnar for, at de politikara­r kan seia nei til dei 600 tomtene det er lagt opp til, skriv Irja Godal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway