Gaustadagen er tilbake
Det var ein augustdag i 2006 at spelemannen Knut Buen, geologen Sven Dahlgren og initiativtakaren Jon Ingebretsen sto utanfor turisthytta på Gaustatoppen, på det som var den fyrste spede opptakten til Gaustadagen. Der spela Knut hardingfele og fortalde lokale soger, Sven beretta om Gaustatoppens unike geologiske historie og Jon las eigen fjellyrikk for mange frammøtte og interesserte tilhøyrarar.
Dette slo an på sin enkle måte og var opptakten til naturog kulturarrangementet Gaustadagen, som etter kvart utvikla seg til eit stort program med mange dyktige og kjente artistar og med «huldra» Tone Jorunn Tveito og «fjellbonden» Leif Arild Sanden i spissen. Seinare har mange lokale og andre artistar vore med og gjeve Gaustadagen ei ramme av natur og kultur.
Etter to års pandemiopphald, er Gaustadagen tilbake på landets høgaste arrangementscene laurdag 20. august.
Ved turisthytta vil fjellturistane få høyre vakker song og musikk som samspel i eit stemningsfullt reportoar framført av Anne Gravir Klykken og Jon Solberg. Begge er velkjende songartistar med røtene i Telemark, Anne med tilknytning til Vrådal og Jon fødd og oppvaksen i Bø.
Men før desse slepp til, vil initiativtakaren og koordinatoren Jon Ingebretsen introdusere Gaustatoppen i prosaiske og lyriske former med sitt urgamle opphav og som eit av dagens mest besøkte fjell.
Det er Gaustatoppen turisthytte som er den formelle arrangøren av Gaustadagen, og både den påtroppande bestyraren ved hytta, Tina Brorson, og den avtroppande, Jorunn Karlberg Tveiten, ønsker velkomen til ein festdag på Telemarks høgaste fjell.