Varden

Klar for ny jobb: – Har vore eit vanskeleg val

Kjersti Versto Roheim har vore alvorleg sjuk, men nå er ho klar for ny jobb.

- Kristin Tangen Tolo kristin.tolo@varden.no

– Det blir rart å rydde pulten og kontoret.

Kjersti Versto Roheim, rektor på Sagavoll folkehøgsk­ole gjennom 12 år, skal snart ta fatt på nye oppgåver.

– Eg har søkt om permisjon for å bli styreleiar for NKF (Noregs kristelege folkehøgsk­olelag). Eg blei spurt om å stille til val. Det kom litt brått på fordi forgjengar­en min har blitt ordførar.

Ho har hatt fleire tillitsver­v tidlegare, men dette vervet er for stort til at ho kan ha det ved sidan av jobben som rektor.

– Det har vore eit vanskeleg val. Det er mykje spennande som skal skje på Sagavoll framover.

– De har hatt faerre elevar det siste året, og har redusert i linjer og antall laerarar. Medverkar det til at du vil dra frå skulen?

– Nei, eg er optimist. Me svarar så godt på det ungdom i dag spør etter. Eg trur me berre er nede i ein dupp før det tar seg opp att, smiler ho.

Alvorleg sjuk

Skulen på vollen på Gvarv er blitt 130 år, og det skal byggast nytt internat.

– Me er i gang med regulering­splanarbei­d. Internatet skal stå ferdig i 2026.

– Kvifor vil du dra frå skulen akkurat nå?

– Det var nå eg blei spurt. Det er ei stor tillit, og eg er audmjuk for rolla. Det er spennande å blant anna få jobbe med ny lov og forskrift for folkehøgsk­ulen. Eg likar teamarbeid og det å nå mål saman med andre.

Kjersti har opplevd mykje dei 12 åra ho har vore sjef på Sagavoll. Noko av det tøffaste har ho opplevd på privaten.

– Eg trudde eg var heilt frisk til eg plutseleg ein dag var alvorleg sjuk. På mammografi oppdaga dei tre svulstar i det eine brystet mitt. Då gjekk det fort.

Ho blei operert, gjekk på cellegift og fekk stråling. Ho kan ikkje få fullrost helsevesen­et og Brystdiagn­ostisk senter i Porsgrunn nok.

– Det var så effektivt at det nesten gjekk for fort for meg, seier ho og smiler.

I mai i fjor var ho ferdig med stråling.

Gradvis tilbake

– Eg har berre gode erfaringar med pakkeforlø­p kreft.

Ho ville tilbake til rektorjobb­en så fort ho kunne.

– Det å kome i jobb er ein stor del av det å bli frisk. Det har vore krevjande, men eg vil takke Sagavoll og leiargrupp­a for at eg fekk ta det gradvis.

Førebyggan­de medisinar gjev ho biverknade­r ho gjerne skulle vore utan. Men ho er ikkje redd for å få tilbakefal­l.

– Ein må fokusere på det som er friskt. Om eg skulle seie noko som kunne vore betre så er det at det kunne vore eit organisert samtaletil­bod etter pakkeforlø­pet. Ein treng veiledning og støtte når ein skal tilbake til sitt vanlege liv.

Ho synest det er leit at rehabilite­ringssente­ret på Nordagutu blei lagt ned. «Pusteromme­t», eit treningsse­nter der kreftpasie­ntar kan trene i samband med kreftbehan­dling, gav ho god hjelp i startfasa etter kreftbehan­dlinga.

Nye utfordring­ar

– Eg hadde ikkje klart å køyre til Notodden då eg var sjuk. Det er eit stort tap for Midt-Telemark at det blir flytta.

Nå er ho klar for ny jobb og nye utfordring­ar. Ho skal kombinere heimekonto­r med pendling til Oslo og besøk til andre folkehøgsk­ular.

– For Sagavoll sin del trur eg det er positivt med ny leiar nå. Men eg var veldig i tvil om eg skulle takke ja til ny jobb. Eg kjem til å sakne det flotte personalet her og naerleiken og energien til elevane.

Ho fortel om flotte elevstevne­r og tidlegare elevar som framsnakka­r Sagavoll.

– «Der oppdaga eg songen», «Der fann eg friluftsli­vet», «Der fekk eg kjempegode vener» er utsegn som går att.

Kjersti har stor tru på folkehøgsk­ulen si framtid. Men ho er uroleg for noko som kan påverke meir enn folkehøgsk­ulen i distriktet.

– Eg er bekymra for

Sørlandsba­nen.

Eg er så glad i toget, og ei pulveriser­ing av jernbanen fører til mange ulemper. Eg håper folk skjønar kor viktig det er å kjempe for den.

 ?? BEGGE FOTO: KRISTIN TANGEN TOLO ?? PÅ VEG BORT: Kjersti Versto Roheim er klar for nye utfordring­ar.
BEGGE FOTO: KRISTIN TANGEN TOLO PÅ VEG BORT: Kjersti Versto Roheim er klar for nye utfordring­ar.
 ?? ?? FLOTT STAD: Kjersti er glad i Sagavoll og alle som høyrer til der.
FLOTT STAD: Kjersti er glad i Sagavoll og alle som høyrer til der.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway