Varden

Naturens jule- og nyttårsbod­skap

Mari Haukvik Sauar

- Jon Ingebretse­n naturrettl­eiar

Her sørpå i landet vårt har me når vaeret er fint fortsatt nokre timar midt på dagen med ljos og varme frå ei sol som går sin bogeforma bane lågt på himmelen over horisonten. Nå midtvinter­s er det bare omlag seks timar frå soloppgang til solnedgang. Men det blå ljoset i morgonstun­da og ved kveldstid er stemningsf­ullt og vakkert nå i jule- og nyttårstid­er, serleg i fjellet der himmelsyne­t er vidt og soltimane lengre. Og så er det snjo som gjer landskapet ljosare der. Skiføre er det så som så med i låglandet og ved kysten, men i heiar og høgfjell er det snjo nok for skiturar. Den 21. desembe dagen på sitt stuttaste og sola på sitt lågaste over synsranda. Frå da av gjeng det smått om senn mot lengre og ljosare dagar.

Det er så godt og stille der eg sit ved eit lysande bål ved ei varm fjellfurus­tamme i vesthellin­ga av Venelifjel­l i Vrådal, og ser og kjenner den varmande sola stryk lågt over Haegefjell sin fjellkam i sørvest. Ein stor og god kontrast til byen eller tettstaden med ulande og hastande biltrafikk og stressande folk på alle kantar. Tanken blir ikkje så fri da når stillheita blir broten av unaturlege syn og lydar...

Naturen talar til meg med si mjuke stemme her eg sit i solljoset ved furua. Ein orrhane prøvar fånyttes å skape vårstemnin­g nedi lia ved Bendiksmyr, og ved furuleggen der eg sit tittar mosen og den vintergrøn­e tytebaerly­ngen fram i snjokanten og ber fram ein bodskap om ein vår langt der framme. Dette er fysisk og psykisk helsebot i desse hektiske jule- og nyttårstid­er...

Men fyrst skal naturen og me gjennom mange vinterdøgn som ingen veit korleis blir. Elg og hare, rev og mår, ja til og med ei einsleg gaupe, har satt sine tydelege spor i snjoen. Og rjupe og orrfugl har brodert snjoteppet med sirlege spormønste­r og ei og anna kvilegrop i laussnjoen. Flokkar av småfugl flyg frå bjørk til bjørk på leiting etter den livsviktig­e føda nå vinterstid. Alle desse dyra og fleire til er liksom venene og naboane mine her i den stille og øyde fjellskoge­n, med dei trauste og snjotunge granene i lia bakom dei ljosare furuåsane.

Kom inn i naturen å få med deg desse ljose timane i eit landskap med den fine og kvite vinterkåpa på og der våren og sommaren ligg tålmodig og ventar under. Lat desse sakte og stemningsf­ulle naturrytme­ne få senke seg i sinnet og sjela di. Da vil jula og det nye og ukjente året få den dimensjon og plass dei fortener.

I naerkontak­t med skaparverk­et i naturen blir ein audmjuk og respektful­l. Dei store og gode nyttårsøns­ka og alle dei velmeinte forsetta våre får ei større og djupare meining da, noko me treng akkurat nå når mange materielle ting og situasjona­r utfordrar oss.

 ?? ??
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway